Nytt
Opnar simulatorsenter for mange
Gjennom et samarbeidsavtale med Amazon opnar Offshore Simulator Centre for at mange fleire kan drive utvikling på simuleringsmodellane deira.
28.09.2018
I staden for å bestille tid og kapasitet på datamaskinen i Offshore Simulator Centre (OSC) kan du logge deg på eiga datamaskin, der du kan jobbe med simuleringsprogram på nettet.
Tilbodet er mogleg gjennom ein samarbeidsavtale som Amazon og OSC inngikk i vår. Amazon har utvikla sitt eige simuleringsprogram der kundane koblar seg opp på nettet, og stiller datakapasitet og lagerplass til rådvelde, slik at det blir råd å jobbe inn mot OSC utan å vere fysisk kobla til OSC sitt eige anlegg.
Mills brukte OSC-konferansen i dag til å lansere det nye tilbodet. Det skjer gjennom ein konkurranse, Nebula simultion challenge, der studentar blir invitert til å koble seg opp og utvikle eigne idear.
Bilda skal vere så gode at folk gløymer at dei ser på et simuleringsprogram, seier Mills. Det er med på å senke terskelen for å jobbe med simulering.
Teknologien frå spelbransjen er no tilgjengleg, seier Lopez.
Han jobbar delvis frå Ålesund, delvis på reise eller heime i Sverige. Lopez seier skyløysing gjer det lettare for OSC å rekruttere utviklarar, fordi den gjer det råd å arbeide med folk som ikkje kan arbeide fast i Ålesund.
Tilbodet er mogleg gjennom ein samarbeidsavtale som Amazon og OSC inngikk i vår. Amazon har utvikla sitt eige simuleringsprogram der kundane koblar seg opp på nettet, og stiller datakapasitet og lagerplass til rådvelde, slik at det blir råd å jobbe inn mot OSC utan å vere fysisk kobla til OSC sitt eige anlegg.
Sparer tid og pengar
Ved å utvide tilbodet til ei såkalla "sky-løysing" utvidar OSC kapasiteten og det blir det enklare, raskare og billegare å jobbe med simuleringsprogram i følgje dagleg leiar Joel Mills i OSC.Mills brukte OSC-konferansen i dag til å lansere det nye tilbodet. Det skjer gjennom ein konkurranse, Nebula simultion challenge, der studentar blir invitert til å koble seg opp og utvikle eigne idear.
Satsar tungt på grafikk
I dag brukar OSC rundt 30 prosent av arbeidstida på å utvikle grafikken slik at bilda på skjermane skal være mest mogleg naturtru.Bilda skal vere så gode at folk gløymer at dei ser på et simuleringsprogram, seier Mills. Det er med på å senke terskelen for å jobbe med simulering.
Lettere å rekruttere
Leiar for å utvikle grafikken er Rob Lopez, som er rekruttert til OSC frå selskapet Unity3D. Det er eit selskap som starta som dataspelutviklar, og som i dag tatt teknologi i bruk på fleire felt, som til dømes i simuleringsprogram.Teknologien frå spelbransjen er no tilgjengleg, seier Lopez.
Han jobbar delvis frå Ålesund, delvis på reise eller heime i Sverige. Lopez seier skyløysing gjer det lettare for OSC å rekruttere utviklarar, fordi den gjer det råd å arbeide med folk som ikkje kan arbeide fast i Ålesund.
Publisert: 28.09.2018 14:25
Sist oppdatert: 21.03.2022 18:31