Nytt
Opne lasteromsluker årsak til havari
No vil Sjøfartsdirektoratet ha tette skott for mindre kystfiskefartøy under lasting.
Marius Rosbach
20.09.2020
14. august kantra Herøy-båten Havstein under lasting av eit notkast av makrell i Syltefjorden i Vanylven.
Mannskapet på fire kom seg over i ein mindre båt og vart berga.
Kantringa skjedde trass i at vêret var fint, og sjøen var smul.
Då den 12 meter lange båten krenga til styrbord og deretter kantra, var nivået i lastetankane på 70-80 prosent.
Direktoratet krev no at andre fartøy med tilsvarande luker i langskipsskott må fjerne lukene og tette skotta permanent.
Mannskapet på fire kom seg over i ein mindre båt og vart berga.
Kantringa skjedde trass i at vêret var fint, og sjøen var smul.
70-80 prosent last
I ein fersk rapport slår Sjøfartsdirektoratet fast at årsaka til havariet skuldast at luker i dei tre lastetankane stod opne under lasting av makrellfangsten.Då den 12 meter lange båten krenga til styrbord og deretter kantra, var nivået i lastetankane på 70-80 prosent.
Må fjerne lukene
Sjøfartsdirektoratet slår fast at fartøyet ikkje var stabilt under lasting ettersom luker i langskipsskotta stod opne og makrellen dermed fritt kunne strøyme gjennom lukene.Direktoratet krev no at andre fartøy med tilsvarande luker i langskipsskott må fjerne lukene og tette skotta permanent.
Publisert: 20.09.2020 16:36
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:02