Nytt
Opning for Aurstad-comeback
Minst to tidlegare K.A. Aurstad-kundar held døra open for å hyre inn eit nytt Aurstad-selskap.
03.01.2019
I Nordland var det konkursråka entreprenørselskapet K.A. Aurstad underleverandør for PNC Norge i eit veg- og tunnellprosjekt. I Ørsta var firmaet i gang med eit fonnvern for kommunen.
I følgje Aurstad-konsernet si nettside var oppdrag på høvesvis 74,5 og 22 millionar kroner.
Kva som skjer er ikkje avgjort, men i begge tilfelle er å leige Aurstad-selskapet Aurstad Tunnel til å fullføre oppdraget eitt alternativ, i følgje PNC Norge og Ørsta kommune.
Konkursen er avgrensa til K.A. Aurstad. Aurstadkonsernet omfattar mellom anna også datterselskapet Aurstad Tunnell.
Det selskapet har allereie to oppdrag, utbetring av Rotsethorntunnellen i Volda og utbetring av ein kraftverkdam i Hallingdal. Oppdragsgivarane er Statens Vegvesen og kraftselskapet E-Co. Kontraktane er på høvesvis 32 og 75,3 millionar kroner.
Første skiftesamling etter konkursen er i Søre Sunnmøre Tingrett 10. januar.
I følgje Aurstad-konsernet si nettside var oppdrag på høvesvis 74,5 og 22 millionar kroner.
Kva som skjer er ikkje avgjort, men i begge tilfelle er å leige Aurstad-selskapet Aurstad Tunnel til å fullføre oppdraget eitt alternativ, i følgje PNC Norge og Ørsta kommune.
Tunnel og demning
K. A. Aurstad var det største og viktigast selskapet i Aurstad-konsernet. Selskapet blei slått konkurs i desember i fjor. I følgje leiinga i selskapet var store tap på bygging av ei strekning på E6 i Trøndelag grunnen til konkursen. AF Gruppene er hovudentreprenør for prosjeke, K.A. Aurstad var underleverandør.Konkursen er avgrensa til K.A. Aurstad. Aurstadkonsernet omfattar mellom anna også datterselskapet Aurstad Tunnell.
Det selskapet har allereie to oppdrag, utbetring av Rotsethorntunnellen i Volda og utbetring av ein kraftverkdam i Hallingdal. Oppdragsgivarane er Statens Vegvesen og kraftselskapet E-Co. Kontraktane er på høvesvis 32 og 75,3 millionar kroner.
200 tilsette
K.A. Aurstad hadde over 200 tilsette ved konkursen, og kor mange tidlegare K.A. Aurstad-oppdrag Aurstad Tunnel eventuelt vil kunne gå inn i vere avgjerande for kor mange av dei som kan halde fram i eit nytt selskap.Første skiftesamling etter konkursen er i Søre Sunnmøre Tingrett 10. januar.
Publisert: 03.01.2019 15:51
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:30