Blomk lkorall risengrynkora 500px
KORALLAR: Illustrasjonsfoto: Mareano/Havforskningsinstituttet
Nytt

Får ikkje drive oppdrett ved korallrev

Oppdrettarar tapte korallsøksmål mot staten

NPK
24.02.2022

Tre oppdrettarar som saksøkte staten for å få drive oppdrettsanlegg ved eit korallrev i Nordfjord, har tapt første runde i retten.

For to år sidan vedtok Miljødirektoratet at eit oppdrettsanlegg utanfor Husevågøy i Kinn kommune måtte fjernast. Selskapa som eig anlegget – Troland Lakseoppdrett AS, Langøylaks AS og Austevoll Melaks AS, gjekk til sak mot staten, som no er frifunnen i Hordaland tingrett, skriv Bergens Tidende/E24.

Vurderer anke
Oppdrettarane må dekkje litt over 300.000 kroner i sakskostnader for staten. Selskapa er usamde i dommen og vurderer om den skal ankast, seier styreleiar Carl-Erik Arnesen i Troland Lakseoppdrett. Han uttaler seg på vegner av dei tre selskapa.

Havforskingsinstituttet beskriv revet med blomkålkorall utanfor Husevågøy som unikt i norsk samanheng. Revet er rundt halvannan kilometer langt og ligg på 25 til 70 meters djup, ifølgje dykkar Erling Svensen.

Oppdrettarane meiner revet ikkje vil ta skade av lakseoppdrett like i nærleiken.

Publisert: 24.02.2022 09:30

Sist oppdatert: 24.02.2022 09:39

Mer om