Oppdretts gjennombrot for Marina Solutions
TIL STORFJORDEN: Dagleg leiar Torgeir Iversen ved sjøsettinga av fôrflåten Marina Solutions skal levere til Hofseth Aqua i 1. kvartal. 
Nytt

Oppdretts-gjennombrot for Marina Solutions

Byggjer sin første fôrflåte.

22.01.2021

I 2018 varsla Marina Solutions, som starta som leverandør av flytebrygger til småbåtmarknaden, at selskapet auka satsinga mot både fiskeri og oppdrett.


I fjor haust sikra selskapet si hittil største kontrakt i oppdrettsmarknaden, ein fôrflåte til oppdrettselskapet Hofseth Aqua. Den skal leverast i første kvartal i år og skal brukast i Storfjorden, der Hofseth Aqua har oppdrettsanlegga sine. Partane har ikkje opplyst kva som er prisen på fôrflåten.

Fôrflåten er den første frå Marina Solutions og kontrakten blir vurdert av selskapet som eit gjennombrot i oppdrettsmarknaden.

Bygd på Kyrkjesæterøra

Fôrflåten blir bygd på Kyrkjsæterøra i samarbeid med underleverandøren G-Bygg.

Flåten er 28 gangar 19 meter og har ein lastekapasitet på 600 tonn fôr. Den innehold eit moderne fôringsanlegg med åtte liner, ensilasjeanlegg, veterinær- og kjemikalierom, to lugarar og oppholdsrom. Den er designa av Marina Solutions i nært samarbeid med Hofseth Aqua, ifølgje ei pressemelding.

Ny vekst

Etter fire år med vekst stabiliserte inntektene seg for selskapet seg på omlag 80 millionar kroner i året frå 2014, men i 2019 fekk selskapet fart på veksten igjen og låg i fjor haust an til at 2020 skulle gi ny vekst og ytterlegare auka lønsemd.


Selskapet har 18 tilsette fordelt på Ørsta, Sula og Ålesund. Dagleg leiar Torgeir Iversen er største eigar, med 26,8 prosent av aksjane.

Publisert: 22.01.2021 14:30

Sist oppdatert: 01.06.2021 11:41