Oppdrettsfisk skal sorterast innanlands
OMSTRIDD: Slaktebåten «Norwegian Gannet» ved kai i Hirtshals hamn i Danmark. 
Nytt

- Oppdrettsfisk skal sorterast innanlands

Nærings- og fiskeridepartementet har lagt inn ei presisering i kvalitetsforskrifta for fisk og fiskevarer, der det no går fram at oppdrettsfisk skal sorterast innanlands.

15.06.2020
NPK: Levande fisk med sår og misdanningar må dermed sorterast ut før han kan fraktast ut av landet.
– Kravet gjeld for alle aktørar. Alle slaktebåtar, både eksisterande og kommande, må rette seg etter det gjeldande regelverket, seier fiskeriminister Tom Nesvik (Frp) i ein e-post til nettavisa .
Nesvik understrekar likevel at føremålet med regelpresiseringa ikkje er å stanse reiarlaget Hav Line og slaktebåten «Norwegian Gannet», som tar imot fisk rett frå oppdrettsmerdar for så å sortere og slakte fisken undervegs til fisketerminalen i Hirtshals i Danmark.

Medhald i tingretten

Reiarlaget har meint at verksemda deira er innanfor regelverket, noko dei òg har fått medhald i i Bergen tingrett. Departementet har likevel bedt om ei ny behandling i tingretten, og tidspunktet for denne behandlinga blir avklart ein av dei næraste dagane.
Administrerande direktør Carl-Erik Arnesen i Hav Line seier til Sysla at det er uvisst kva konsekvensar regelpresiseringa får for «Norwegian Gannet». Han har likevel trua på at saka får ei god løysing.
– Prosjektet er utsett for skremselspropaganda frå konkurrentane våre.
- No kan det sjå ut til at skremselspropagandaen har fått gjennomslag i regjeringa, seier Arnesen til avisa.
Prosjektet er utsett for skremselspropaganda

Publisert: 15.06.2020 17:15

Sist oppdatert: 20.02.2024 08:02

Mer om