Oppdrettsgevinst på nesten 100 millionar
Roger Halsebakks investeringsselskap Ronja Capital har ei verdistigning nesten 100 millionar kroner på oppdrettselskapet Salmon Evolution.
Ronja Capital blei største aksjonær i Salmon Evolution ved kapitalutviding i vår. Selskapet var også med på kapitalutvidinga i starten av september, og er framleis største eigar med 11,07 prosent av aksjane i selskapet.
Storparten av aksjane har ein kostpris på 3,33 kroner og samla gjekk Ronja Capital inn med 86 millionar kroner i dei to kapitalutvidingane.
I dag, som er første dag på børs for Salmon Evolution har kursen svinga mellom 7,40 og 8,30 kroner per aksje. I kapitalutvidinga i september var kursen sett til fem kroner per aksje.
Aksjar for 182 millionar
Klokka 12:05 er kursen 7,50 kroner per aksje. Det verdset hele selskapet til 1,6 milliardar kroner og Ronja Capital sin aksjepost til 182 millionar kroner, ei verdistiging på 96 millionar kroner.
Salmon Evolution skal bygge eit landbasert oppdrettsanlegg i eit nedlagt steinbrot i Fræna og er i gang med første byggetrinn. Den første laksen frå anlegget skal slaktast i 2022.
Lokale eigarar
Gründerselskapet Romsdalsfisk er tredje største aksjonær ved børsnotering. Fleire andre av dei største eigarane har og adresse på Nordvestlandet.
Dei kom inn gjennom ei kapitalutviding i 2019, til kurs 3,33 kroner per. aksje.
Her er dei største aksjonærane i Salmon Evolution før dagens børsnotering (eigarandel i prosent):
Ronja Capital as (11,07 %)
DNB Asset Management as (10,01 %)
Romsdalsfisk as (9,22 %)
Farvatn Private Equity as (7,65 %)
Artic Fund Management (7,01 %)
Rofisk as (5,51 %)
Dongwon Industries Inc. (5,29 %)
Stette Invest as (4,64 %)
Kjølås Stansekniver as (4,24 prosent)
Jacob Hatteland Holding as (3,96 %)
Artec Holding as (3,55 %)
Nordea Investment Management (3,19 %)
Atlant Fonder AB (3,19 %)
Klaveness Marine Finance as (2,73 %)
Carcuel Holding as (1,32 %)
Rasche Investeringer as (1,32 %)
Delphi Fondsforvaltning (1,27 %)
Publisert: 18.09.2020 12:55
Sist oppdatert: 06.08.2021 11:27