Oppgang for dei fleste bransjar i vest
TUNG I MARITIMT OG REISELIV: – Nedturen er i ferd med å snu, seier Ragnhild Fresvik (innfelt) i Sparebanken Vest, men reiseliv og maritim næring har større utfordringar enn andre bransjar. 
Nytt

Oppgang for dei fleste bransjar i vest

Markant resultatoppgang i Vestlandsindeksen. Men to bransjar har større utfordringar enn andre. 

08.09.2020
(NPK): Den ferske Vestlandsindeksen viser ein markant resultatoppgang for næringslivet på Vestlandet. Forventningane til framtida er også stigande for dei fleste bransjar, men reiseliv og maritim næring har større utfordringar enn andre.
Koronakrisa har råka næringslivet på Vestlandet breitt og brutalt. Likevel gjer resultatindeksen i Vestlandsindeksen det største hoppet nokon gong for 3. kvartal.
– Nedturen er i ferd med å snu, men samtidig må vi hugse på at resultatindeksen framleis er eit godt stykke under det historiske gjennomsnittet, seier Ragnhild Fresvik, konserndirektør for bedriftsmarknaden i Sparebanken Vest, i ei pressemelding.

Langvarig effekt

Forventningsindeksen indikerer at krisa vil ha langvarig effekt på etterspurnad, investering, lønsemd og sysselsetting for vestlandsbedriftene. Indeksen viser same utvikling for fleire bransjar, og forventningane til etterspurnad dei neste tre månadane er høgare enn forventningane til sysselsetting.
– Ei forklaring kan vere at bedriftene prøver å kutte kostnadar der dei kan for å vere betre rusta for ei usikker tid framover, seier Fresvik.
Trenden ser ein spesielt for bedrifter med meir enn 50 tilsette – denne gruppa rapporterer at dei vil ha ei bemanning på 88 prosent av planane dei hadde før krisa inntrefte. Bedrifter med mindre enn 50 tilsette rapporterer tilsvarande om 94 prosent.
Over halvparten av dei største bedriftene planlegg å permittere eller seie opp tilsette, medan 22 prosent av dei små bedriftene gjer det same.
– Forventningane til sysselsetting er noko svakare enn vi kunne ønske. Dette er noko av det vi er mest oppteken av framover – vi må ta vare på arbeidsplassar og sikre kompetanse, seier konserndirektøren.
(ekstern lenke)

Usikkert i maritim næring

Meir enn 40 prosent av dei maritime bedriftene er usikre på om dei har nok arbeid til å kunne kalle tilbake permitterte tilsette. Heile ein av tre bedriftsleiarar i den maritime næringa melder om negativ marknadsutvikling for bedrifta si.
– Dette er nest største eksportnæringa i Noreg – og ei næring som har store internasjonale moglegheiter i det grøne skiftet. Det er utruleg viktig at vi sikrar aktiviteten i denne næringa slik at vi klarer å ta vare på den viktige kompetansen som vi har der, kommenterer Ragnhild Fresvik.
– Det er også interessant å sjå at dobbelt så mange bedrifter i den maritime næringa, sett opp mot totalen av alle bedrifter, seier at koronakrisa har ført til at dei planlegg å investere i nye forretningsområde, legg ho til.
– Dersom den maritime klynga på Vestlandet skal ha ei spydspiss-rolle i framtida, er vi avhengige av statlege tiltak som stimulerer til aktivitet. Stat og fylke har viktige roller når vi skal dra i gang omstillinga til nye energikjelder, seier Siv Remøy-Vangen, dagleg leiar i Maritime Bergen, i meldinga.

Les også:




Vil ha meir spissa støtteordningar

Bedriftsleiarane i vest meiner dei generelle statlege støtteordningane er i ferd med å bli fasa ut og at det no er stort behov for å styrke dei næringsspesifikke støtteordningane.
– Reiselivsnæringa seier klart frå at dei har eit akutt behov for støtte dersom dei skal kome seg gjennom den krevjande likviditetssituasjonen som mange står i akkurat no, seier konserndirektør Fresvik.
Flor og Fjære – blomsterøya utanfor Stavanger – er ei av bedriftene som har ønske om ein skreddarsydd pakke for sesongbaserte reiselivsaktørar. Bedrifta har ingen inntekter utanfor sesongen som går frå mai til september. Dermed er ikkje kompensasjon for omsetnadstap særleg relevant.
– Støtte til å kunne betale lønningar hadde hjelpt oss veldig. Vi er fleire heilårstilsette som jobbar med utvikling og drift av hagen som vi mykje heller skulle hatt i arbeid enn å heile tida vurdere om vi må permittere, seier dagleg leiar Hanne Hidlefjord.

Langvarige utfordringar for reiselivet

Reiselivsnæringa fryktar hausten og vinteren og rapporterer om dramatiske framtidsutsikter. For overnattings- og serveringsverksemder fell forventningsindeksen samanlikna med førre kvartal – i motsetning til alle andre næringar.
– Reiselivsbedriftene som vi har spurt seier at det kan ta opptil to år før omsetnaden er på nivå med det dei hadde før koronakrisa, og kvar fjerde bedrift i denne næringa seier at dei reknar med å redusera bemanninga, seier Fresvik.
(©NPK)

Les også:



Synspunkt:


(ekstern lenke)
Forventningane til sysselsetting er noko svakare enn vi kunne ønske

Publisert: 08.09.2020 12:03

Sist oppdatert: 07.04.2021 16:01