Oppheva avslag på pressestøtte
Ny runde for Nett.no hos Medietilsynet.
Medieklagenemnda har oppheva Medietilsynet sitt avslag på søknaden frå Nett.no om produksjonstilskot for 2019.
Avisa klaga på avslaget på pressestøtte for 2019 og 2020, og klagenemnda har no behandla klagen for det første året.
Ber tilsynet vurdere dispensasjon
I sitt vedtak kom nemnda fram til at kravet til innhald ikkje er oppfylt, fordi avisa har for lite debatt og kommentarstoff – men ber likevel tilsynet vurdere om det er grunnlag for dispensasjon.
– Vi er veldig glade for Medieklagenemndas avgjersle, og med så sterke føringar som nemnda har gjort overfor Medietilsynet, kan vi ikkje forstå anna enn at tilsynet vil endre sitt vedtak og tildele oss produksjonstilskot for 2019. Dette vil vere svært viktig for oss, sidan vi er i ein hard konkurransesituasjon og har ein svært pressa økonomi, uttaler redaktør Kjetil Haanes til NETT NO
Ny behandling av saka
Medietilsynet må no gjere ei ny vurdering av om det er grunnlag for å gi dispensasjon frå reglane.
Direktør Mari Velsand i Medietilsynet uttaler til eigen nettside at det ikkje er noko automatikk i at Nett.no får pressestøtte, etter avgjerda i klagenemnda.
– Men vi skal no gjere ei ny vurdering av om det er grunnlag for å gi dispensasjon, med bakgrunn i ein vidare forståing av dispensasjonsmoglegheitene i forskrifta, uttaler Velsand.
Publisert: 16.04.2021 12:02
Sist oppdatert: 16.06.2021 14:00