Opplever at vala deira i matbutikk betyr noko
MATVAL: Matmerk utførte undersøkingar hos forbrukarar i matbutikken før og under koronakrisa. Svara viser at nordmenn føler auka maktkjensle i kva dei handlar i butikken. 
Nytt

Opplever at vala deira i matbutikk betyr noko

Fleire forbrukarar er opptekne av at deira matval kan sikre lokale arbeidsplassar.

15.07.2020
NPK: Matmerk utførte undersøkingar hos forbrukarar i matbutikken før og under koronakrisa. Svara viser at nordmenn føler auka maktkjensle i kva dei handlar i butikken.
Eitt av spørsmåla i undersøkinga, som blei gjort i februar og april, var om forbrukaren følte vala deira sikra arbeidsstadar i landet, halde ved lag levande bygder og landbruk og tilgang på rein og frisk mat i norske butikkar.
Delen som svarte at deira matval er med på å sikre arbeidsstadar auka frå 58 prosent til 73 prosent. Det var òg ein auke på 9 prosent som svarte at valet deira sikra eit aktivt landbruk, skriv Matmerk i ei pressemelding.
Det er MediaCom Insight som har gjennomført undersøkinga på vegner av Stiftelsen Matmerk. Dei er ikkje i tvil om at fokus på norsk mat, stengde grenser, importvern og grensehandel har auka betrakteleg under koronakrisa.

Publisert: 15.07.2020 10:37

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59