Oppmodar folk til aa sjekke skattetrekket
– Privatøkonomien for mange av oss har endra seg dette året, så det er derfor ekstra viktig å sjå gjennom dei utrekningane Skatteetaten har gjort dette året, seier Marta Johanne Gjengedal, divisjonsdirektør i Skatteetaten. 
Nytt

Oppmodar folk til å sjekke skattetrekket

Ekstra viktig i år fordi mange har endra inntekt. 

15.12.2020
(NPK): På grunn av koronapandemien er det i år spesielt viktig å sjekka at opplysningane i skattetrekksmeldinga stemmer, oppmodar Skatteetaten.
Skattetrekksmeldinga som kvart år blir sendt ut i desember, viser korleis Skatteetaten har berekna inntektene og frådraga dine og kva du skal betala i skatt neste år.
I år oppmodar Skatteetaten folk til å sjekka meldinga ekstra nøye.
– Rett skattetrekk er basert på eit anslag over kva du kjem til å tena det komande året. Privatøkonomien for mange av oss har endra seg dette året, så det er derfor ekstra viktig å sjå gjennom dei utrekningane Skatteetaten har gjort dette året, seier Marta Johanne Gjengedal, divisjonsdirektør i Skatteetaten i ei pressemelding.
Ho meiner det kanskje aldri har vore viktigare å sjekka opplysningane slik at ein neste år ikkje betalar for mykje eller for lite skatt.
Må du endra skattekortet, kan du logga deg inn på og korrigera tala. Deretter sender Skatteetaten deg eit nytt skattekort.
(©NPK)

Publisert: 15.12.2020 11:11

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:08