Oppmuntrande insektforsoek
GODT NYTT: Testar viser at insektsmjøl gir like godt fiskefôr som fiskemjøl. Det er godt nytt for blant andre dagleg leiar Peder Stavdal Vikenes (til v.) og styreleiar Harald Espeland i Norinsect i Stordal.
Nytt

Oppmuntrande insektforsøk

Forsøk ved Havforskningsinstituttet er godt nytt for insektdyrkarane i Stordal. 

28.11.2018
NETT NO/NPK: Forsøka viste at laksen som fekk hundre prosent insektmjøl vaks like bra som den som fekk hundre prosent fiskemjøl i fôret. Forskarane meiner dette stadfestar at insektmjøl har eit stort potensial som ingrediens i fiskefôr.
Forskarane gjennomførte også ein smakstest, der forsøkpersonane ikkje greidde å skille mellom fisk som blei fôra med fiskemjøl og fisk som fekk insektmjøl i fôret.
Sjølv om det ikkje var Norinsect i Stordal som leverte insekta til forsøket, er resultatet frå forsøket interessant også for Norinsect, seier dagleg leier Peder Stavdal Vikenes i Norinsect.

Test neste år

Nett no har Norinsect prioritert å få opp mengda av insekt i anlegget for å kunne få opp produksjonskapasiteten, men i løpet av første halvår er planen å lever insekt til testing.
I løpet av 2019 skal også den kommersielle produksjonen starte.

Reint insektsfôr

I forsøk gav Havforskingsinstituttet laks fire ulike typar fôr. Ei gruppe med laks fekk eit kontrollfôr, som inneheldt 10 prosent fiskemjøl. Dei tre andre gruppene fekk fôr der fiskemjølet var bytt ut med anten 33, 66 eller 100 prosent insektmjøl.
Forskarane meiner forsøket stadfestar at insektmjøl har eit stort potensial som ingrediens i fiskefôr.

Naturleg mat

Ideen om å bruke insekt i fiskefôr skriv seg frå at vill fisk et insekt.
- Vi var nokre smålåtne sunnmøringar i godt lag. Dei som var i oppdrettsbransjen påpeikte at det var mykje tap av biomasse innan yngel og settefisk. Eg påpeikte då at eg trudde det var startfôret som var feil. Min teori var at hvis ikkje starten i oppdrettskjeda blir riktig, vil dette vere noko som ein ikkje kan ta igjen seinare, sa Vikenes til NETT NO om opphavet til Norinsect i februar i år.

Mindre miljøgifter

Insekt i fôret kan også reduserer mengda miljøgifter i laksen, , som skriv om forsøket.
- Det er avgjørande kva ein fôrar insekta med før dei blir gitt til laksen, og så lenge ein har kontroll på det vil ein ha kontroll på innhaldet av framandstoff. Et insekta algar vil dei få høgare innhald av tungmetall, sidan det finnes naturleg i havet og blir tatt opp av tang og tare, seier forskar Erik-Jan Lock ved Havforskinsinstituttet.
Han stadfestar til NETT NO at funna i undersøkjinga også er relevant også for Norinsect.

Publisert: 28.11.2018 15:57

Sist oppdatert: 13.07.2021 09:58

Mer om