Fleire pasientar som testa Arctic Biioscience sitt middel mot hudsjukdomen psoriasis blei bedre enn forsøkspersonane som berre fekk eit narremiddel.
I eitt år har Arctic Bioscience fått gjennomført ein større internasjonal studie av sitt silderognbaserte middel mot hudsjukdomen psoriasis. Målet er å få dokumentert at middelet virkar og få det godkjent som legemiddel.
I dag offentleggjorde selskapet dei første resultata frå studien. Endelege og meir omfattande resultat skal presenterast i juni i år.
Resultata etter eit halvt år var nedslåande for selskapet, men dei førebels resultata etter at den eitt år lange studien er fullført ser betre ut.
Problemet eit halvt år ute i studien var at det var vanskeleg og sjå skilnad på resultata hos forsøkspersonane som fekk midddelet frå Arctic Bioscience og dei som berre fekk eit narremiddel.
Betre resultat
Etter har studien har vart i eit heilt år viser den ein skilnad, med betre resultat hos hos forsøkspersonar som fekk middelet enn kva som var tilfelle hos dei som berre fekk narremiddel.
"Oppmuntrande", skriv Arctic Bioscience om dei førebelse resultata frå studien, i ei børsmelding.
Dei skuffande halvårsresultata frå den medisinske studien i fjor haust utløyst eit bratt fall på børsen, der aksjekursen gjekk frå 13 kroner til under to kroner i løpet av får dagar.
Da børsen stengte i dag var aksjekursen 4,61 kroner aksjen.
Investorar frå Sunnmøre
Arctic Bioscience i Hovdebygda i Ørsta starta opphalvleg som ein helsekostprodusent basert på silderogn, før det byrja å arbeid med å utvikle eit middelt mot hudsjukdoment psoriasis - også det basert på silderogn.
Fleire investorar frå Nordvestlandet er medeigar i selskapet, som vart børsnotert i februar 2021.
Største aksjonær er Hatlebakkfamilien sitt selskap Ronja Capital Investment med 12,7 prosent. Nest størst er Capra Invest (6,09 prosent), som er eigd av 50/50 av styreleiar Harald Nordal og Per Arne Nordal. Møre og Romsdal fylkeskommune eig 5,18 prosent, Vartdal Plast-aksjonærane Sindre, Ingvild og Jan Endre Vartdal eig 4,1 prosent gjennom Vartdal Holding. Jan Endre og Sindre Vartdal eig i tillegg 3,17 prosent av aksjane i Arctic Bioscience gjennom selskapet Brødrene Vartdal.
På eigarsida og blant dei 15 største aksjonærane er også Remmereitfamilien i Volda, Peder Stette og familien, Frode Håkon Kjølås, Asbjørn Solevågseide og familien og fiskebåtreiarlaga Eros og Strand Fiskeriselskap.
Publisert: 24.04.2025 18:19
Sist oppdatert: 24.04.2025 18:44






