Sævik-familien gjennom Havila Holding opprettar eit shared service-selskap, vert det opplyst i ei pressemelding tysdag.
Namnet på det nye selskapet er Havila Service AS. Dette vert den nye arbeidsgjevaren for ei rekkje arbeidstakarar i landorganisasjonane til Havila Shipping, Havila Kystruten og Havila Holding.
Det gjeld no tilsette innan crewing, IT, rekneskap og innkjøp. Det nye selskapet skal vere i drift frå hausten av.
- Gjennom å samle dei tilsette i det nye Havila Service vil vi skape større fagmiljø innan dei ulike funksjonane.
- Då kan vi i endå større grad få til auka spesialisering og heva kompetanse mellom dei tilsette, seier Sævik i pressemeldinga.
- Det vert enklare å få til god og tilpassa bruk av medarbeidarane gjennom skiftande tider. Slik vil Havila Service vere med på å sikre arbeidsplassar. Opprettinga av eit felles selskap gjer det i tillegg enklare å vurdere kva kompetanse og ressursar vi treng for vidare satsing. Alt no veit vi at det er behov for ytterlegare oppbemanning.
Dei tilsette vert overført til det nye selskapet gjennom ei verksemdsoverdraging.
Det skal no tilsetjast ein leiar for det nye selskapet som får organisasjonsutvikling, samspel og samarbeid som viktige arbeidsoppgaver.
Før den nye leiaren er tilsett skal viseadministrerande direktør i Havila Shipping, Olav Haug Vikebakk, fylle denne rolla.
Namnet på det nye selskapet er Havila Service AS. Dette vert den nye arbeidsgjevaren for ei rekkje arbeidstakarar i landorganisasjonane til Havila Shipping, Havila Kystruten og Havila Holding.
Det gjeld no tilsette innan crewing, IT, rekneskap og innkjøp. Det nye selskapet skal vere i drift frå hausten av.
- Større fagmiljø
Styreleiar i Havila Service, Njål Sævik, seier opprettinga av det nye selskapet kjem som ei naturleg følgje av utviklinga i Havila-gruppa, og at det i dialog med dei ulike selskapa har kome fram ønske om ei samordning av ressursane.- Gjennom å samle dei tilsette i det nye Havila Service vil vi skape større fagmiljø innan dei ulike funksjonane.
- Då kan vi i endå større grad få til auka spesialisering og heva kompetanse mellom dei tilsette, seier Sævik i pressemeldinga.
Kan verte fleire
Han seier også at med opprettinga av Havila Service vil ein kunne effektivisere og få ut synergiar mellom selskapa i konsernet, og tilbodet kan også kome til å omfatte fleire selskap.- Det vert enklare å få til god og tilpassa bruk av medarbeidarane gjennom skiftande tider. Slik vil Havila Service vere med på å sikre arbeidsplassar. Opprettinga av eit felles selskap gjer det i tillegg enklare å vurdere kva kompetanse og ressursar vi treng for vidare satsing. Alt no veit vi at det er behov for ytterlegare oppbemanning.
Dei tilsette vert overført til det nye selskapet gjennom ei verksemdsoverdraging.
Søker toppsjef
Det vert opplyst at målet med Havila Service er at det skal vere ein god arbeidsplass for dei tilsette og ein god kompetansebase for andre Havila-selskap.Det skal no tilsetjast ein leiar for det nye selskapet som får organisasjonsutvikling, samspel og samarbeid som viktige arbeidsoppgaver.
Før den nye leiaren er tilsett skal viseadministrerande direktør i Havila Shipping, Olav Haug Vikebakk, fylle denne rolla.
Publisert: 23.06.2020 12:14
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:58