Heroy Gjertneset foto norhus
OPP: Det blei både seld og starta bygging av fleire bustadar i 2024, men det skjedde frå eit lågt nivå og bransjeforeininga bolifprodusentene ventar framleis utfordrande år. Biletet er frå Norhus Ørsta si utbygging på Gjertneset i Herøy. Foto: Norhus Ørsta.
Nytt

Oppsving i byggebransjen

Bustadbyggarane har fått meir å gjere etter svakt 2024.

26.01.2026

Det vart starta bygging av ni prosent fleire bustadar i Møre og Romsdal i 2025 samanlikna med 2024.

Byggeaktiviteten i fylket auka mest i andre halvår, og det gjeld også talet på selde nye bustadar, viser årsstatistikken til bransjeorganisasjonen Boligprodusentene.

– 2025 vart eit vesentleg betre år enn 2024, seier dagleg leiar Einar Holsvik i Norhus Ørsta.

Han kjenner seg att i tala frå bransjeorganisasjonen og seier den positive trenden har halde fram i 2026.

Reduserte eigenkapitalkrav og ein tillit til at renta i alle fall ikkje er stigande er medverkande årsak til oppsvinget etter Holsvik si vurdering.

Vanvittig gode månadar
Dei to siste åra har ikkje vore slik som vi ønska, seier Roar Eiken i Norgeshus Din Bolig i Ørsta. Men også han har registrert det same som Holsvik og bransjeforeininga.

– Desember og januar har vore nokre vanvittig gode månadar, seier Eiken.

Sterk vekst i Hordaland
På landbasis vart det starta bygging av 12 prosent fleire ny bustadar i 2025 enn i 2024. Salet av nye bustadar, som typisk delvis kjem før bygginga startar, auka med seks prosent.

For Møre og Romsdal er tala ni prosent auke kor mange bustadar det vart starta bygging av og seks prosent auke i salet. I alt vart det starta bygging av 785 bustadar og seld 766 i fylket.

I Hordland vart det starta bygging av  62 prosent fleire bustadar og seld 34 prosent fleire enn i 2025. I alt vart det starta bygging av 2567 bustadar og seld 2615 i fylket.

I Sogn og Fjordane har det gått motsett veg enn i regionane i nord og sør. Talet på igangsette bustadar fall 37 prosent og sal av nye bustadar med ni prosent. I alt vart det starta bygging av 154 bustadar og seld 257  i fylket.

Ikkje nok
Trass auka aktivitet meiner Boligprodusentene det framleis blir bygd for få bustadar. Aktivitetsauken i fjor skjedde frå eit svært låg nivå og bransjen er framleis i ein lågkonjunktur som råkar tilsette og bedrifter i bransjen, ifølgje bransjeforeininga.

Høge byggekostandar er den største utfordringa for bransjen og administrerande direktør Lars Jacob Hiim i Boligprodusentene seier i pressemeldinga at marknaden vil vere krevande for bransjen også i 2026, trass i forventningar om ein svak oppgang.

Publisert: 26.01.2026 05:00

Sist oppdatert: 25.01.2026 18:47

Mer om