Opptur etter utviding
NEDGANG, SÅ OPPGANG: Handelen på Amfi Moa gjekk ned med to prosent i årets ni første månadar, men etterpå har handelen auka samanlikna med same periode i fjor.
Nytt

Opptur etter utviding

Handelen på Amfi Moa i årets ni første månadar enda to prosent under 2017-nivået. Nye butikkar gjer at senterleiar Anne Marie Rødal Kleppe trur senteret kan ta att det tapte i løpet av julehandelen.

27.11.2018
På "Black Friday" - handelsstandens nye store handledag - i førre veke selde butikkane på Amfi Moa for 29,6 millionar kroner. Det er 8,5 prosent høgare sal enn i fjor og ny rekord.
Det er resultatet frå "Black Friday" og kundetilstrøyminga etter at den nye delen av Amfi Moa opna 1. november som gjer at senterleiar Anne Mari Rødal Kleppe trur Amfi Moa i år vil kome opp på same nivå som i fjor.
Etter førre veke ligg Amfi Moa 1,6 prosent under nivået samanlikna med same periode i 2017, då kjøpesenteret passert 2,8 milliardar kroner i samla omsetning.

Tettar gapet

I løpet av oktober og november har Amfi Moa tatt att litt av det tapte frå starten av 2018.
For Amfi Moa er fasit pr. utgangen av september samla driftsinntekter på 1,9 milliardar kroner, følgje Kvarud Analyse. Det er ein nedgang på to prosent samanlikna med årets ni første månadar i 2017. Amfi Moa er nett no Noregs fjerde største kjøpesenter.
Tre av av dei fire største kjøpesentra i Noreg er eller har vore under ombygging eller utviding i 2018. Det pregar resultata, meiner Tore Kvarud i Kvarud Analyse , som analyserer handelsutviklinga i Noreg.

Fire milliardar

Utviding av Amfi Moa med mellom anna 30 nye butikkar gjer også at det blir omfattande rokeringar internt på senteret. Ombygginga og omflyttingane på Amfi Moa vil første vere klart til sommaren. Først då kan senteret byrje å måle den fulle effekten av utvidingane, i følgje Kleppe.
Thon Gruppen, som eig og driv senteret, har som mål å passer fire milliardar kroner i driftinntekter på senteret i løpet av 2020.
Det er over ein milliard kroner meir enn senteret truleg vil oppnå i år.

Ned i Bergen og på Strømmen

Også Lagunen i Bergen og Strømmen Storsenter nord for Oslo har byggearbeid gåande i år. Begge har ein nedgang samanlikna med dei ni første månaden i fjor, minus 2,1 prosent i Bergen og minus 1,1 prosent på Strømmen. Driftsinntektene er høvesvis 1,9 og 2,2 milliardar kroner.
Største kjøpesenter i Noreg er Sandvika Storsenter i Bærum, med 2,2 milliardar kroner i driftsinntekter og ein vekst på 0,6 prosent så langt i år. Sandvika Storsenter har ikkje at om- eller utbyggingar i år.

Publisert: 27.11.2018 14:49

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:28