Ventor
BRATTVÅG: Godt med arbeid for Vendor i fjor, og 2023 har starta bra. Foto: Vendor
Nytt

Opptur for Brattvåg-selskap

- 2022 var eit bra år, og aktiviteten har halde seg oppe så langt i 2023.

30.03.2023

Det seier dagleg leiar André Olav Lillestøl i Brattvåg-selskapet Vendor.

Selskapet har slite i fleire år, med negative resultat fleire år på rad. Men i 2022 snudde det, og selskapet meir enn dobla inntektene frå året før, til 10,3 millionar kroner. Resultatet før skatt vart også positivt med 0,6 millionar kroner.

- Den største kunden vår i fjor var Kongsberg Maritime. Det ser ut til å vere ein generell auke i aktiviteten i den maritime bransjen i vårt nærområde, seier Lillestøl.

Vendor
Årsresultat (i mill kr) 2022 2021
Driftsinntekter 10,3 4,9
Driftsresultat 0,7 -0,8
Resultat før skatt 0,6 -0,9

Kundetilpassa løysingar
Vendor vart starta opp i 2011, og driv med maskinbygging av spesialmaskiner og produksjonsliner til maritim bransje.

- Vi leverer også kundetilpassa one-off-leveransar som inkluderer engineering og levering av produkt, seier Lillestøl.

Selskapet tilbyr også platebearbeiding, sveising og samanstilling.

Sikre leveringskjeder
Lillestøl er optimistisk for framtida.

- Salet ser ut til å auke hos våre største kundar. Det er også auka fokus på å ha sikre leveringskjeder i staden for å outsource aktivitet til utlandet.

Lillestøl er største aksjonær med 29,1 prosent. Det er ei lang rekke andre aksjonærar i selskapet, der dei største er Svanhild Sønderland med 9,3 prosent, Lilly Longva med 6,3 prosent og Per Kristian Bjørdal med 6,3 prosent.

Selskapet har ein samla eigenkapital på 7,0 millionar kroner, og langsiktig gjeld på 2,4 millionar. Førebels er ein berre tre fast tilsette, men har i tillegg innleige.

Publisert: 30.03.2023 15:00

Sist oppdatert: 30.03.2023 15:07

Mer om