Opptur for Fugl Foeniks
PRISVINNAR: Ein nøgd gjeng av dei tilsette på Fugl Føniks i Ørsta etter at dei gjekk til topps i nasjonal kåring. 
Nytt

Opptur for Fugl Føniks

– Betyr mykje for oss, seier drivaren av Ørsta-restaurant om Glutenfripris.

Marius Rosbach
04.02.2021
Norsk cøliakiforening har delt ut fire prisar i si nasjonale kåring Årets glutenfrie bedrift, og Fugl Føniks blei kåra til Årets glutenfrie serveringsstad 2020.
Ørsta-restauranten som har hatt eit tøft år grunna koronapandemien, fekk prisen som årets serveringsstad.
– Å få denne prisen betyr mykje for oss. Det er kjekt å få igjen noko for det arbeidet vi gjer. Det er strålande at Føniks sitt mattilbod blir verdsett og nytta - og veldig kjekt å få denne anerkjenninga, uttalar sals- og marknadssjef Ingrid Foldal i meldinga.
I grunngjevinga frå juryen står det mellom anna følgjande:
«Hos Fugl Føniks er det mye godt å velge i for en som må ha glutenfri mat, da de kan tilby det meste av godsakene de har på menyen som glutenfritt! De har et eget kjøkken å tilberede den glutenfrie maten på, oppbevarer maten godt adskilt, og har tydelig merking, noe som også er svært positivt og betryggende for den glutenfrie gjesten. De har også lekre kaker som alle er glutenfrie!»
Årets glutenfrie konditori 2020 vart Spisekroken Evje, medan det blei delt ut to prisar i kategorien: Årets glutenfrie produsent 2020. Det vart Elda Bakeri og Nua Brygghus, ifølgje .
Det er kjekt å få igjen noko for det arbeidet vi gjer.

Publisert: 04.02.2021 14:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:14