Opptur i april
ØNSKJER OPNING: Campingvogn- og bubilforhandlarane får drahjelp av at det neppe blir mange utanlandsferiar for nordmenn i år, men ønskjer seg gjenopning av norske campingplassar slik at det blir lettare for kundane å feriere i Noreg. Løviknes Caravanimport (biletet) nedjusterte budsjetta då korontiltaka kom, men ser auka aktivitet i marknaden i april.
Nytt

Opptur i april

Bubil- og campingvognforhandlarane fekk ein opptur i april etter koronasjokk i mars. 

16.04.2020
- I april har det livna til igjen, seier dagleg leiar og medeigar Jan Henning Løviknes i Løviknes Caravanimport på Vestnes.
I januar og februar selde han som i 2018, men med koronatiltaka som kom i mars blei det stopp.
Det gjorde at selskapet endra budsjettet for 2020 frå 60 til 35 nye bubilar og frå 20 til 15 kombicamp-vogner på grunn av koronatiltaka, går det fram av årsmeldinga for 2019. Den er datert til 31. mars i år.
Forventningane om å selje 100 brukte bubilar blei ikkje redusert.
Kostnadar blir kutta på mange felt, men ikkje bemanninga, i følgje Løviknes.

Håpar på campingplass-opning

Med klare signal frå styresmaktene om at folk bør innstille seg på å bli i Noreg i sommarferien håpar Løviknes på ei avklaring på om campingplassane - som mange bubil- og campingvognturistar brukar - kan opne, i alle fall for norske reisande. Det vil i så fall slå positivt ut for salet, meiner han.

Avdelingsleiar Jon Arne Torset i Ferda Ålesund seier han ser at utsiktene til at det ikke blir råd å feriere i utlandet slår ut på bobilinteressa.
- At folk planlegg ferie i eige land, det ser eg på forespørslane, seier han.
Så langt i april er salet på nivået selskapet hadde budsjettert med før koronakrisa kom.

Bråstopp

Frank Horgen i Jura Ålesund deler Løviknes sine forhåpningar om ei opning i Noreg som gjer det enklare for bubilturistane.
- Eg har positiv optimist, seier han om forventingane for 2020, trass koronapepidemien.
I januar og februar hadde han ein klar oppgang, men etter at koronatiltaka kom i mars blei det lite handel. I mars i år selde han for 6,5 millionar kroner, ned 2,5 millionar kroner samanlikna med mars 2019. Veksten i januar og februar gjorde likevel at Jura Ålesund auka salet med ein halv million kroner i første kvartal. Så langt i april i år ligg Horgen omlag på nivået frå april 2019.

Publisert: 16.04.2020 13:09

Sist oppdatert: 10.05.2021 15:10