Optimar blir tysk
PENGAR PÅ KONTO: Frode Håkon Kjølås, Peder Stette og Asbjørn Solevågseide i Optimar får tysk eigar.
Nytt

Optimar blir tysk

Det tyske selskapet Haniel kjøper Optimar.

21.12.2017

Investeringselskapet Credo har eigd 50,1 prosent av Optimar sidan 2012. No sel Credo og resten av eigarane til , eit tysk familieigd selskap, skriv Sunnmørsposten.

Utviklingssjef Frode Håkon Kjølås, salg og marknadsdirektør Asbjørn Solevågseide og teknisk direktør Peder Stette vil berre sitte med ein "symbolsk eigarandel" i selskapet etter aksjesalet, .

Konkurs
Solevågseide var med på å starte opp att fiskehandterings-utstyrsprodusenten Optimar etter konkurs i 2003.

I 2014 var selskapet slått saman med selskapet Peter Stette på Stette . I 2015 vart også Seaside på Stranda med i selskapet.

Det sikra Optimar betre fotfeste også i oppdrettsbransjen, og skaffa selskapet ein kommersiell suksess med avlusinganlegg.

Passerer milliarden
I år vil Optimarkonsernet passer ein milliard kroner i driftsinntekter.

I tillegg til store kontraktar til oppdrettsnæring har selskapet og fått jobben med å bygge fabrikken i Aker Biomarines nye krillskip.


Publisert: 21.12.2017 09:23

Sist oppdatert: 11.01.2023 11:16

Mer om