Optimar kjoeper Kristiansund bedrift
OVERVAKER: Biometrics har laga eit system for overvaking av vekt, rørsler og endringar i oppførsel hos oppdrettsfisk.
Nytt

Optimar kjøper Kristiansund-bedrift

Meiner teknologien vil utgjere eit viktig tillegg til produkta deira.  

Marius Rosbach
03.08.2020
Optimar har kjøpt selskapet Biometrics AS som held til i Kristiansund.
Optimar lagar utstyr og system for oppdrett- og fiskeribransjen, medan Biometrics har utvikla eit heilautomatisk sonarsystem som overvaker oppdrettsfisk. Det blir ikkje opplyst kor mykje Optimar betalar for eigarskapet i selskapet.

Skaffar informasjon

Optimar opplyser at Biometrics sin teknologi hjelper brukarane til å samle og handtere den informasjonen dei treng, til rett tid.
– Vi er overtydd om at denne teknologien vil vere eit viktig tillegg til våre produkt innan fiskeoppdrett, heiter det i pressemeldinga.
Dei ser også moglegheiter til å utvikle teknologien vidare i samarbeid med ein av gründerane i selskapet, Mårten Jørgensen, som no startar i Optimar. Optimar ønsker at alle anlegg, både i sjøen og på land, skal ha tilgang til Biometrics sin teknologi.

Treng ikkje bemanning

Biometrics-systemet som hentar informasjon via bøyer i sjøen, treng ikkje noko form for bemanning etter at det er installert.
Selskapet er utvikla systemet i samarbeid med lakseprodusentar sidan 2012, og det er gjort omfattande testing av produktet ved oppdrettsanlegg.
Biometrics hadde ei omsetning i 2019 på 2,5 millionar kroner og eit driftsresultat på 1,1 millionar.

Les også:



Publisert: 03.08.2020 16:12

Sist oppdatert: 28.04.2021 09:51

Mer om