Nytt
Optimar møtte motbakke
Oppdrettsmarknaden blei ikkje som venta for Optimar i fjor.
19.08.2019
Optimar hadde stor suksess med lansering av eit anlegg som rensar oppdrettslaks for parasitten lakselus ved hjelp av varmt vatn. Anlegget blei godkjent i slutten av 2016 og midt i 2017 hadde selskapet allereie seld slike anlegg for ein halv milliard kroner.
Men i fjor gjekk det tregare i oppdrettsmarknaden for Optimar, som lagar utstyr og anlegg til fiskeri- fiskeindustri og oppdrettsbransjen.
Utanom oppdrettsmarknaden gjekk det bra, men salet av dei lønsame produkta til oppdrettsnæringa blei mindre enn venta. Det skriv det tyske Haniel-konsernet i årsmeldinga for 2018.
Tala i årsmeldinga til Haniel omfattar alle Optimarverksemdene og viser ei driftsinntekt på 130 millionar Euro og eit driftsresultat (før finanspostar) på tre millionar Euro.
Med dagens kurs tilsvarar det 1,3 milliardar kroner i driftsinntekter og 30 millionar kroner i driftsresultat, og ein driftsmargin på 2,3 prosent. (Driftsmarginen er driftsresultatet i prosent av driftsinntekter).
Optimar offentleggjer ikkje noko konsernreknskap ut over det som blir publisert i årsmeldinga til Haniel-konsernet.
Selskapet har og datterselskap i Spania, Romania og USA.
Både driftsresultat før av- og nedskrivingar (ebitda), driftsresultat (ebit) og resultat før skatt blei svakare enn i 2017 (sjå tabell)
Nedgangen i driftsresultatet før av- og nedskrivingar skuldas produktmiksen, utviklinga i utfordrande prosjekt og kostnaden med omorganisering, i følgje årsmeldinga. "The decline in ebitda is mainly due to produkt mix, development in some challenging projects in addition to organizational restructurings", heiter det i årsmeldinga til Optimar as, som er på engelsk. Reknskapsmessige disposisjonar i samband med omorganisieringa slår negativ ut for driftsresultatet.
Selskapet gjekk inn i 2019 med eit sterk ordrebok og styret ser eit stort potensiale for vidare vekst både i nye og eksisterande marknadar, i følgje årsmeldinga.
Men i fjor gjekk det tregare i oppdrettsmarknaden for Optimar, som lagar utstyr og anlegg til fiskeri- fiskeindustri og oppdrettsbransjen.
Utanom oppdrettsmarknaden gjekk det bra, men salet av dei lønsame produkta til oppdrettsnæringa blei mindre enn venta. Det skriv det tyske Haniel-konsernet i årsmeldinga for 2018.
1,3 milliardar
Optimar er resultatet av samanslåinga av Optimar på Valderøya, Peter Stette i Skodje og Seasside på Stranda. Haniel-konsernet kjøpte Optimar i slutten av 2017.Tala i årsmeldinga til Haniel omfattar alle Optimarverksemdene og viser ei driftsinntekt på 130 millionar Euro og eit driftsresultat (før finanspostar) på tre millionar Euro.
Med dagens kurs tilsvarar det 1,3 milliardar kroner i driftsinntekter og 30 millionar kroner i driftsresultat, og ein driftsmargin på 2,3 prosent. (Driftsmarginen er driftsresultatet i prosent av driftsinntekter).
Optimar offentleggjer ikkje noko konsernreknskap ut over det som blir publisert i årsmeldinga til Haniel-konsernet.
Fleire land
Optimar as, som omfattar verksemda i Noreg og er den største delen i Optimar-konsernet, hadde i fjor nesten ein milliard kroner i driftsinntekter og eit resultat før skatt på minus 25,4 millionar kroner, i følgje årsmeldinga til selskapet.Selskapet har og datterselskap i Spania, Romania og USA.
Både driftsresultat før av- og nedskrivingar (ebitda), driftsresultat (ebit) og resultat før skatt blei svakare enn i 2017 (sjå tabell)
Nedgangen i driftsresultatet før av- og nedskrivingar skuldas produktmiksen, utviklinga i utfordrande prosjekt og kostnaden med omorganisering, i følgje årsmeldinga. "The decline in ebitda is mainly due to produkt mix, development in some challenging projects in addition to organizational restructurings", heiter det i årsmeldinga til Optimar as, som er på engelsk. Reknskapsmessige disposisjonar i samband med omorganisieringa slår negativ ut for driftsresultatet.
Selskapet gjekk inn i 2019 med eit sterk ordrebok og styret ser eit stort potensiale for vidare vekst både i nye og eksisterande marknadar, i følgje årsmeldinga.
Publisert: 19.08.2019 19:15
Sist oppdatert: 28.04.2021 09:56