Nytt
Optimar-sjefar størst i sjukeseng-satsing
Asbjørn Solevågseide, Peder Stette, Frode Håkon Kjølås og Roger Halsebakk er dei største investorane i Pir Invest-miljøet si sjukeseng-satsing.
10.05.2018
Gjennom sine heil- og deleigde investeringselskap går dei fire inn med 4,8 millionar kroner kvar i selskapet Pir 1 Invest, som skyt inn 32 millionar kroner og blir 32 prosents eigar i Ably Medical.
Ably Medical arbeider med å utvikle og lansere ein ny sjukeseng som både skal vere betre både for pasientar og pleiarar, og blant anna utstyrast med sensorteknologi som kan varsle om helsetilstanden til pasientane.
Til saman eig dei fire 60 prosent i Pir 1 Invest.
Roger Halsebakk er medeigar i og leiar for brønnbåtreiarlaget Sølvtrans.
Aksjonærane i Pir 1 Invest er dei same som og etablere Pir Invest. Pir Invest er eit selskap som skal koordinere arbeidet til investorfelleskapet bak, medan investeringane skal gjerast i eigne selskap, der kven som er med og med kor mykje vil variere frå investering til investering.
Det er Amund Pedersen (Amund Pedersen Holding), Bjørn Oscar Kløvning (Bok-Holding), Ole Reinert Notø (Høgnabben), Botholf Stolt-Nilsen (Stolten Invest) og Erik Westre (Em-Ka). Westre var og ein av Optimar-eigarane.
Vartdal Holding (Invild, Jan Endre og Sindre Vartdal) investerer 1,4 millionar i Pir 1 Invest.
Geir Robin Hoddevik (Ebic) og Stein M. Pettersen Notø (Nsm) går inn ned rett i underkant av ein million kroner kvar.
Ably Medical arbeider med å utvikle og lansere ein ny sjukeseng som både skal vere betre både for pasientar og pleiarar, og blant anna utstyrast med sensorteknologi som kan varsle om helsetilstanden til pasientane.
Til saman eig dei fire 60 prosent i Pir 1 Invest.
Optimar-eigarar
Solevågseide, Stette og Kjølås var blant aksjonærane som i fjor selde Optimar til den tyske Haniel-familien. No vil dei bruke deler av salssummen på investeringar i potensielle vekstselskap på Nordvestlandet.Roger Halsebakk er medeigar i og leiar for brønnbåtreiarlaget Sølvtrans.
Aksjonærane i Pir 1 Invest er dei same som og etablere Pir Invest. Pir Invest er eit selskap som skal koordinere arbeidet til investorfelleskapet bak, medan investeringane skal gjerast i eigne selskap, der kven som er med og med kor mykje vil variere frå investering til investering.
1,9 millionar kroner
Fem av aksjonærane i Pir 1 Invest går inn med 1,9 millionar kroner kvar i sjukhusseng-satsinga viser dokument som er sendt inn til Brønnøysundregistra i samband med etableringa av Pir 1 Invest.Det er Amund Pedersen (Amund Pedersen Holding), Bjørn Oscar Kløvning (Bok-Holding), Ole Reinert Notø (Høgnabben), Botholf Stolt-Nilsen (Stolten Invest) og Erik Westre (Em-Ka). Westre var og ein av Optimar-eigarane.
Vartdal Holding (Invild, Jan Endre og Sindre Vartdal) investerer 1,4 millionar i Pir 1 Invest.
Geir Robin Hoddevik (Ebic) og Stein M. Pettersen Notø (Nsm) går inn ned rett i underkant av ein million kroner kvar.
Publisert: 10.05.2018 06:00
Sist oppdatert: 31.01.2022 09:08