Optimar tilbake paa sporet
REKORD: Ordreboka har aldri vore tjukkare og oppdragsmengda strekkjer seg inn i 2022. Optimarsjef Håvard Sætre seier Optimarkonsernet passerer 500 tilsette i løpet av hausten.
Nytt

Optimar tilbake på sporet

- Vi er tilbake på sporet vi hadde i 2017, seier Optimar-sjef Håvard Sætre.

22.08.2019
I fjor fekk Optimar eit tilbakeslag i lønsemda , mellom anna fordi selskapet ikkje selde så mange anlegg til lakselusbekjemping som venta, etter storsal i 2017. Konsernet hadde 1,3 milliardar kroner i driftsinntekter, men driftsresultat blei berre 30 millionar.

I år blir det betre, i følgje administrerande direktør Håvard Sætre.
- Lønsemda kjem til å bli bra. Vi er tilbake på sporet vi hadde i 2017, seier han.

Passert milliarden

Optimar lagar utstyr og system til oppdrettbransjen, fiskeri og fiskeindustri. Medan avlusingsanlegg til oppdrettsnæringa var den store slageren i 2017 er det anlegg ombord på fiskefarty som er i vekst i år.
Ordreboka - summen av kontrakter som er inngått og i arbeid - har passert ein milliard kroner. Det er rekord.
- Så langt i år er det inngått kontrakter for cirka 600 millionar kroner, som sikrar mykje av kapasiteten vår fram til 2022, seier Sætre.
Rekordtjukk ordrebok slår også ut i bemanninga. I dag er har konsernet nesten 500 tilsette og vil passere 500 i løpet av hausten.

Utvikling

Mattilsynet har nyleg gitt oppdrettsnæringa to års frist på å skaffe meir dokumentasjon om korleis oppdrettsfisk reagerer på varmtvassbehandling mot lakselus.

Forsøk så langt tyder på at laksen reagerer på varmtvassbehandlinga på ein måte som tyder på at den hadde smerter. Om nye forsøk ikkje kan dokumentere at varmtvassbehandling kan gjerast på ein møte som er innanfor det akseptable kan ikkje metoden brukast.
Det vil i så fall slå negativt ut for Optimars varmtvassbehandlingsanlegg mot lakselus. Det kan handterast, meiner Sætre. Stikkordet er utvikling av nye produkt og vidareutvikling av allereie etablerte produkt.
- Dette produktet åleine er ikkje det som skal berge oss, seier han.
Så langt i år er det inngått kontrakter for cirka 600 millionar kroner som sikrar mykje av kapasiteten vår fram til 2022

Publisert: 22.08.2019 09:03

Sist oppdatert: 28.04.2021 09:54

Mer om