Optimisme i Fjordlaks
NESTEN PLUSS: Anders Pedersen i Fjordlaks kom nesten i pluss i 2018. I år ventar selskapet ytterlegare betring i lønsemda.
Nytt

Optimisme i Fjordlaks

Etter store tap i 2017 snudde det oppover for Fjordlaks i fjor. I år ventar selskapet ny auke i lønsemda.

23.07.2019
Det var tap på sal til den afrikanske marknaden som var hovudårsaka til underskotet i 2017. Selskapet tok i fjor grep for å bli mindre avhengig av den afrikanske marknaden og arbeider for å ytterlegare redusere eksponeringa mot Afrika, i følgje årsmeldinga for 2018.

Etter salet av datterselskapet Fjordlaks Aqua (no Hofseth Aqua) i 2016 er Fjordlaks eit reindyrka kvitfiskselskap som driv mottak av ferskfisk og produksjon av salt- og klippfisk og restråstoff-foredling, med anlegg og hovudkontor i Ålesund og produksjon hos datterselskapa Karlsøybruket og Tufjordbruket i Troms og Finnmark.
Fjordlaks er eigd av Anders Pedersen og familie, gjennom selskapet Cape Invest.

Ekstra tid

Styret ventar god etterspørsel og positive mar ginar for klippfisk i 2019 og ein meir normal og forutsigbar marknad enn i fjor.
Men det har tatt lengre tid enn venta å få effekt av omstillinga av Karlsøybruket - som fekk nytt anlegg for ferskfiskmottak og saltfiskproduksjon i fjor - i følgje årsmeldinga. Karlsøybruket hadde eit underskot på 30 millioner kroner i 2017, og det var hovudårsak til underskotet for konsernet i 2017. I fjor var underskotet i Karsøybruket 20 millionar kroner, medan Tufjordbruket gjekk 12 millionar kroner i pluss.
I tillegg til å redusere eksponeringa mot Afrika skal tettare samordninga av verksemda i datterselskapa og morselskap i Ålesund bidra til auke lønsemd, meiner selskapet.

Reite tek over

I september tek tidlegare toppsjef i Vard, Roy Reite, over som Fjordlaks-sjef.

Inntil Reite er på plass er Anders Pedersen dagleg leiar. NETT NO har ikkje lukkast å nå Anders Pedersen for ein kommentar til reknskapen.

Publisert: 23.07.2019 16:16

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:37