NPK: Det er kraftig aukande optimisme blant verksemder på Vestlandet, viser Vestlandsindeksen.
Vestlandsindeksen fortel at optimismen frå dei første tre månadene i 2024 held fram med å stige også i andre kvartal. Ifølgje ei pressemelding må me tilbake til 2021 for å sjå ein like kraftig optimisme blant bedriftene.
Sjølv om alle fire regionane på Vestlandet har hatt ei positiv utvikling, er det Rogaland som skil seg ut som dei største optimistane. Elles held optimismen fram med å auke både for dei typiske vestlandsnæringane og for dei ikkje-typiske vestlandsnæringane.
Oppsving for bygg og anlegg
Av ein eller annan grunn er bygg- og anleggsnæringa den enkeltnæringa som stig mest, men også blant overnattings- og serveringsverksemder er forventningane høge. Større etterspurnad skal vera den viktigaste årsaka til den positive marknadsutviklinga, og han stige kraftig i heile 2024.
På den andre sida er avgrensa tilgang på arbeidskraft framleis den desidert viktigaste årsaka til at bedriftene blir haldne tilbake. Aldri før har avgrensa tilgang på arbeidskraft skapt større kapasitetsproblem enn i andre kvartal i år og verksemdene spør først og fremst etter faglært arbeidskraft og denne etterspurnaden auka i andre kvartal.
Vestlandsindeksen måler temperaturen på næringslivet på Vestlandet. Respons Analyse har gjennomført målinga kvart kvartal sidan 2012. Dette er den 49. målinga, og heile 700 tilfeldig utvalde bedrifter frå Rogaland (200), Vestland Sør (200), Vestland Nord (100) og Møre og Romsdal (200) deltok. Indeksen gir ein skår mellom 0 og 100 der tal større enn 50 indikerer at bedriftene har eit positivt syn på den økonomiske situasjonen og utviklinga. For andre kvartal 2024 viser Vestlandsindeksen ein resultatindeks på 59,8 og ein forventningsindeks på 64,4.
Les meir om resultata frå Vestlandsindeksen Q2 2024
Publisert: 12.06.2024 10:26
Sist oppdatert: 12.06.2024 10:26