STIG Brautaset exord genfors blid foto Ogne Øyehaug
FUSJONERT FRÅ MAI: Administrerande direktør Stig Brautaset seier det er ekstra gledeleg å legge fram gode resultat for 2022, i banken sitt siste heile driftsår som sjølvstendig. Her frå generalforsamlinga der fusjonen blei vedteke. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Optimist på vegner av regionen

Det meste går bra i nordvest, påpeiker banksjef - som troppar av med sterkt resultat.

Marius Rosbach
10.02.2023

Sparebank 1 Søre Sunnmøre kan vise til sterk kundevekst og eit solid resultat i 2022, opplyser banken i ei børsmelding.

Banken la fram tala for 4. kvartal som viser auke i utlån og innskot, og betre lønnsemd (sjå tabell under). Fjerde kvartal er prega av god lønsemd med ei avkasting på eigenkapitalen på 11 prosent, 9 prosent for 2022 i si heilheit.

Positive utsikter for regionen
Trass i mykje usikkerheit rundt i verda, meiner banksjef Stig Brautaset at utsiktene for regionen er positive.

Brautaset peiker på følgjande grunnar til optimismen:

  • Arbeidsløysa er låg og under landssnittet.
  • Bustadprisane syner ein liten nedgang samanlikna med førre periode
  • Regionen hadde fram desember ikkje vore råka av høge straumprisar

- Både offshore, fiskeri og havbruk går bra. Det same gjer det meste av industrien og fleire har rekordresultat, seier Brautaset til NETT NO.

Banken eit tap på berre tre millionar i fjor - ein tredel samanlikna med året før. Dei opplever samtidig lite misleghald og kundar med betalingsutfordringar.

«Verdsmeistrar» i omstilling
Samtidig meiner Regionalt nettverk for Norges Bank at næringslivet i nordvest ventar redusert produksjon dei neste månadane, og nedgang i bedriftene sine investeringar.

Han legg ikkje skjul på at det er nokre mørke skyer, men at det i stor grad er knytt til enkeltbedrifter med kostnadsutfordringar. Andre har møtt ekstraordinære utfordringar som følgje av Russland-sanksjonar.

- Men bedriftene i vår region har tradisjon for å vere «verdsmeistrar» i omstilling, så det trur eg skal gå bra, seier han.

Opnar nytt kontor i Stryn
2022-rekneskapen er det det siste årsresultatet frå banken som sjølvstendig. Kvartalsrapporten er også den siste frå banken.

Fusjonen med Sparebank 1 SMN trår i kraft i mai. Etter samanslåinga skal det som no er SpareBank 1 Søre Sunnmøre inngå i den nyoppretta divisjonen Sunnmøre og Fjordane i SpareBank 1 SMN. Marknadsområdet blir Sunnmøre og Fjordane.

I mars opnar banken nytt kontor i Stryn.

- Opning av nytt kontor i Stryn og høgare krav innanfor etterleving vil krevje fleire årsverk i tida framover, heiter det i kvartalsrapporten.

55 millionar til gåvefond
Styret foreslår eit utbytte på 6,07 kroner per eigenkapitalbevis som er 50,7 prosent av resultatet, ifølgje rapporten.

55,5 millionar kroner er foreslått overført til gåvefondet. Desse vil delast ut som gåver til lokalsamfunnet og til den nye Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre som blir oppretta i samband med fusjonen.

Sparebank1 Søre Sunnmøre
Per 4. kvartal. i mill. kroner
2022
2021
Driftsinntekt
317,1
296,6
Resultat før tap
169,9
160,9
Resultat før skatt
166,8
151,2



Sparebank1 Søre Sunnmøre


4. kvartal. i mill. kroner
2022
2021
Driftsinntekt
100,7
87,5
Resultat før tap
58,9
53,2
Resultat før skatt
49
54,1

Publisert: 10.02.2023 11:11

Sist oppdatert: 10.02.2023 13:32

Mer om