Jan Egil Flo Simen Staalnacke Moods of Norway foto Ogne
Jan Egil Flo (t.h) saman med tidlegare Moods of Norway og medgründer Simen Staalnacke
Nytt

Optimistisk Moods-gründer for 2025

Så langt i år har Jan Egil Flo auka salet med 20 prosent, og fått kronekursutviklinga med seg.

06.06.2025

Då Moods of Norway-eventyret tok slutt med konkursen i 2017 kjøpte gründerane Jan Egil Flo, Simen Staalnacke og ei gruppe tilsette tilbake klesmerket frå konkursbuet.

Flo spesialiserte seg på kjøp av konkursbo i klesbransjen, tok over lager av kle og selde ut gjennom sitt selskap Retail Drift. Både varelageret til Ricco Vero og kleskjeda Superdry vart kjøpt og seld vidare av Flo etter konkursane der.

Moods of Norway-varemerket fekk eit nytt liv med Flo bak roret, og ein i ein svært krympa versjon samanlikna med stordomstida til klesmerket. 

I dag er det snakk om ein fysisk butikk i Stryn, og nettbutikk. Omlg 70 prosent av inntektene kjem frå nettbutikken.

Flo driv verksemda si gjennom sitt heileigde selskap Berre Pluss, med datterselskapet Retail Drift, Moods og Retail Eigedom. Det er i Retail Drift drifta foregår (sjå tabell), og i fjor var det sal av Moods of Norway-plagg som utgjorde inntektene.

Betre valutakursutvikling
I og med at Moods of Norway-plagga blir produsert i utlandet spelar valutakursutviklinga ei stor rolle for lønsemda til Retail Drift, og i år ser kronekursutviklinga veldig positiv ut , ifølgje ein epost frå Flo.

Så langt i år har inntekten auka med 20 prosent. 

I fjor gjekk Flo også inn i campingbil- og- vognbransje, gjennom selskapet WSJ Gruppen, der han eig ein tredjepart av aksjene.  Selskapet kjøpte mellom anna den tidlegare Tellus-forhandlaren i Stryn, etter konkursen i Tellus-kjeda.

Retail Drift as  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt17,820,1
Drifftsresultat0,3-1,6
Resultat før skatt0,4-0,8

Publisert: 06.06.2025 14:27

Sist oppdatert: 06.06.2025 14:27

Mer om