Den ferskaste kontrakten blei offentleggjort i går, den eldste tidlegare i sommar. Hurtigbåtverftet i Hyen har no fem båtar under bygging eller i bestilling.
Dei to siste kontraktane er ein 22 meter lang ambulansebåt med katamaranskrog til selskapet Rødne Ambulanse og ein hurtigbåt til Troms og Finnmark fylkeskommune med plass til 73 passasjerer, åtte bilar og lasterom. Ambulansebåtkontrakten er på omlag 33 millionar kroner, passasjer- og lasthurtigbåten kostar 82 millionar, i følgje Brødrene Aa-sjef Tor Øyvin Aa.
Til saman er det snakk om oppdrag for 372 millionar kroner.
Den siste av dei fem båtane skal leverast neste sommar og Tor Øyvin Aa seier verftet treng nye oppdrag i løpet av hausten for å kunne oppretthalde aktiviteten frå neste år.
Slike oppdrag kan det bli meir av. Tor Øyvin Aa seier det er stor interesse for utsleppsfrie båtar og mange moglege byggeprosjekt ute i marknaden.
Dei to siste kontraktane er ein 22 meter lang ambulansebåt med katamaranskrog til selskapet Rødne Ambulanse og ein hurtigbåt til Troms og Finnmark fylkeskommune med plass til 73 passasjerer, åtte bilar og lasterom. Ambulansebåtkontrakten er på omlag 33 millionar kroner, passasjer- og lasthurtigbåten kostar 82 millionar, i følgje Brødrene Aa-sjef Tor Øyvin Aa.
Treng nye oppdrag
I tillegg til ambulansebåten og den kombinerte person- og transportbåten byggjer Brødene Aa tre hurtiggåande passasjerkatamaraner for Nordland Fylkeskommune.Til saman er det snakk om oppdrag for 372 millionar kroner.
Den siste av dei fem båtane skal leverast neste sommar og Tor Øyvin Aa seier verftet treng nye oppdrag i løpet av hausten for å kunne oppretthalde aktiviteten frå neste år.
Lang rekkevidde
Tidlegare i sommar leverte Brødrene Aa ein batteridriven hurtigbåt som kan gå Stavanger-Lysebotn utan landing.Slike oppdrag kan det bli meir av. Tor Øyvin Aa seier det er stor interesse for utsleppsfrie båtar og mange moglege byggeprosjekt ute i marknaden.
Publisert: 26.08.2020 17:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:01