Vard Søviknes foto Ogne
LUKSUSYACHT STØRSTE KONTRAKT I 2021: Den 222 lange luksusyachten Somnio skal ha 39 leiligheiter ombord, der eigarane får sin eigen heim på havet. Skipet skal utrustast ved Vard Søviknes (biletet). Arkivfoto: Ogne Øyehaug
Nytt

Ordrereserven krympar

Ordrereserven hos verfta er nesten halvert på tre år, og ligg an til å gå enda lenger ned i år.

11.01.2022

Statistikken til bransje- og arbeidsgivarorganisasjonen Norsk Industri viser ein ordreinngang på 8,1 milliardar kroner i 2021, fordelt på 10 fartøy.

Det er alt for lite til å erstatte oppdrag som blir ferdig med nye.

I 2018 hadde verfta nybyggingsoppdrag for 40,2 milliardar kroner.

Ved utgangen av 2021 var ordrereserven krympa til 23,2 milliardar. Det er det sjette lågaste nivået sidan 2000, som er startpunktet for statistikken.

I løpet av 2022 skal det leverast skip for 10,5 milliardar, og utan påfyll seier det seg sjølv at det blir god plass hos nybygginsverfta.

Trist
- Dette er trist, det er lett å sjå at vi manglar oppdrag, seier bransjesjef for maritim industri i Norsk Industri, Lars Gørvell-Dahll.

Mengda av forespørslar og aktiviteten hos skipsdesignselskap tyder på god interesse for å bygge skip, men det har ikkje gitt seg utslag i kontraktar, ifølgje Gørvell-Dahll.

Milliardyacht
Ordreinngangen i fjor omfattar også den 222 meter lange luksusyachten Somnio som Vard skal bygge, eit fartøy til 5,1 milliardar kroner.

Utan det oppdraget ville ordreinngangen i fjor omfatta fem brønnbåtar, to fiskefartøy og to skip for vindkraftmarknaden til havs - for tilsaman 3,1 milliardar kroner.

Norsk Industri registrerer alle fartøy over 40 meter i sin statistikk.

Sal- og marknadsføringorganisasjonen Norske Skipsverft, som også lagar ein statistikk over korleis det går med norske skipsverft, reknar med alle fartøy med ein kontraktsverdi over 50 millionar kroner. Det gjer at Norske Skipsverft omfattar fleire fartøy, og får dermed også ein høgare kontraktsverdi.

Publisert: 11.01.2022 14:59

Sist oppdatert: 11.01.2022 14:59