Orkla satsar halv milliard på Stranda
Orkla investerer 500 millionar kroner i auka kapasitet på Stranda. Det er ny rekord.
- Innan merkevare har vi aldri investert meir i ein fabrikk, seier Orkla-sjef Peter A. Ruzicka.
Det blir større bygningar, fleire produksjonsliner og til slutt truleg flytting av produksjonen som i dag forgår i Orkla-anlegget i Stranda sentrum opp og saman med Orklaanlegget i Svemorka industriområde i Stranda.
I dag inviterte han landbruksministeren og alle tilsette til hornmusikk og pizza ved Orkla-anlegget i Svemorka for å markere og feire den komande rekordinvesteringa.
Halv milliard kroner
I løpet av fem år skal Orkla investere 500 millionar kroner i å fornye pizza-produksjonen på Stranda, sa Ruzicka til applaus frå sine tilsette.
I slutten av fem-årsperioden er målet å samle heile produksjonen som i dag foregår på to fabrikkar på Stranda i amlegget i Svemorka på Stranda.
Stranda peika seg ut
Ruzicka har arbeidd med Stranda-planane eitt års tid. Konsernet har pizzaproduksjon i Sverige og matvareproduksjosn også i Bergen, Fredrikstad og Elverum.
Stranda var ikkje eit sjølvsagt val, men peika seg ut som det beste alternativer.
- Vi har vurdert alternativ. Det må du gjere når du skal investere så mykje pengar, men for oss var valet enkelt, seier Ruzicka.
Lang historie med gode resultat, og stor omstillingsevne, slo ut til Stranda sin fordel.
Rekord
Selskapet har enno ikkje fått tatt i bruk heile bygget som ble bygd etter førre store investering, i 2015 og 2016. 150 millionar kroner blei brukt mellom anna på ein ny stor frysehall for å lager frosenpizza og lefse.
Les også: Satsar over 300 milionar kroner på mat og drikke
Ruzicka seier investeringa og skal effektivisere produksjonen, mellom anna med meir automatisering. I dag har selskapet 180 tilsette på Stranda. Ruzicka vil ikkje talfeste utviklinga i talet på tilsette, men seier Orkla ikkje investerer for at at de skal bli fleire.
Meir vekst
Orkla selde frosenpizza for ein milliard kroner i fjor. Veksten har vore rundt fire-fem prosent i året, og investeringa på Stranda er gjort ut frå eit forventing om at den veksttakten skal vare ved.
Skjer det vil produksjonen vere minst 20 prosent større om fem år.
Innan merkevare har vi aldri investert meir i ein fabrikk
Publisert: 29.03.2017 12:10
Sist oppdatert: 13.04.2023 12:46