Orten om GIEK lokalisering Boer ta signala
VIL HA GIEK TIL ÅLESUND: Høgre-politikar Helge Orten trur det er mogleg å påverke si eigen regjering i kampen om å få GIEK-arbeidsplassar til Ålesund. 
Nytt

Orten om GIEK-lokalisering: – Bør ta signala

Høgre samlar argument i kampen for GIEK-arbeidsplassar. Ålesund-ordføraren viser til erfaringane med Sjøfartsdirektoratet og Kystverket.

Marius Rosbach
13.01.2021
Under eit digitalt møte torsdag vil Høgre få flest mogleg gode argument på bordet for kvifor «nye» GIEK bør lokaliserast til Ålesund.
– Det blir eit ope møte der vi ønsker innspel frå næringslivet som brukar desse finans- og kredittinstitusjonane, og høyre alle gode argument for kvifor det bør vere ei sterkare lokal tilknyting til vår region, fortel stortingspolitikar Helge Orten (H) til NETT NO.

Næringsministeren om GIEK-flytting:


Brei mobilisering

Debatten om lokaliseringa av eit nytt og samanslått GIEK (Garantiinstituttet for eksportkreditt) og Eksportkreditt Norge har skote fart etter Stig Remøy i Sunnmørsposten.
Orten delar tankane til Herøy-reiaren, og påpeiker at det er eit samla næringsliv i regionen som ønsker eit tettare tilknyting til institutta som bidreg til å finansiere mykje næringsverksemd på Nordvestlandet.
Politikarar frå både Senterpartiet, Arbeidarpartiet og Venstre har i etterkant teke til orde for ei regionalisering av eit samanslått GIEK/Eksportkreditt.
Det same har fleire organisasjonar gjort, seinast Svein Leon Aure og Njål Sævik , i kraft av sine roller som styreleiarar i Maritimt Forum Nordvest og Midt-Norsk Rederiforening.

Trur signala blir fanga opp

Svara så langt frå , samt , er at dette ikkje er tidspunktet for å vurdere ei flytting av aktivitetane.
Det same skriv næringsminister Iselin Nybø i onsdag. Statsråden har rolla som generalforsamling for ei samanslått eining, og har vist til at det er styret som skal gjennomføre nyetableringa.
– Eg håpar og trur at den merksemda som er skapt kring dette, og at brukarane er så tydelege, blir fanga opp av både styret og næringsministeren. Dei bør ta signala innover seg, seier Orten.
Høgrepolitikaren påpeiker at dei ønsker ein god dialog med statsråden, og fortel at KrF-politikar Steinar Reiten allereie har teke initiativ til eit møte med Nybø.
– Vi trur eit slikt innspelsmøte som vi arrangerer torsdag, er eit godt utgangspunkt for å ruste oss med best mogleg argumentasjon, legg Orten til.

Viser til Kystverket og Sjøfartsdirektoratet

Torsdag får også lokalpolitikarane i Ålesund saka på sitt bord når dei møtast i kommunestyre. Ordførar Eva Vinje Aurdal (Ap) har utarbeida eit innspel til næringsministeren, som skal opp til behandling.

Der skriv ordføraren mellom anna at argumenta om at det berre er i Oslo ein finn den nødvendige kompetansen, minner om motargumenta for å flytte Kystverket til Ålesund og Sjøfartsdirektoratet til Haugesund i sin tid.
– Som kjent har det gått heilt fint, og spisskompetansen som trengst i nye GIEK/Eksportkreditt finst ikkje berre i Oslo, heiter det i forslaget til uttale.
Ordføraren påpeiker at halvparten av engasjementa til Eksportkreditt i dag kjem frå den maritime klynga på Sunnmøre.
At eininga får ei «slagkraftig» lokalisering i Ålesund vil vere i tråd med ønska frå næringslivet, og ei desentralisert samfunnsutvikling med tenestene nær tyngdepunktet for verksemdene, er konklusjonen ifølgje .

Les også:






Synspunkt

:

Publisert: 13.01.2021 12:13

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:11