Nytt
Over 1,2 millionar i gjennomsnittsløn
Lerøy Havfisk-sjef Webjørn Barstad har fleire gode kort på handa i rekrutteringa.
18.08.2020
Storparten av dei 367 årsverka i fiskerikonsernet er fiskarar ombord på reiarlaget sine 10 trålarar. Lottsystemet gir fiskarane ein andel av fangstinntektene og med gode prisar og store kvoter fyller det godt opp på lønnskontoen.
Dei tilsette i Lerøy Havfisk hadde 1,26 millionar kroner i løn per årsverk i fjor.
Lønningane, saman med gode skiftordningar og høg staus gjer det lett å rekruttere.
- Det er ikkje noko problem å rekruttere folk inn i trålfiske no, seier Lerøy Havfisk-sjef Webjørn Barstad.
Alle trålarane har ei toskiftsordning, med fem veker på og fem veker fri som det vanlege.
Trålane har omlag 330 driftsdøgn i året, i følgje Barstad.
Selskapet fiskar første og fremst torsk, sei, hyse og reke. Torsk sto for omlag halvparten av fangstinntektene i fjor.
Lerøy Seafood Group legg fram reknskapen for 1. halvår 2020 torsdag 20. august.
Dei tilsette i Lerøy Havfisk hadde 1,26 millionar kroner i løn per årsverk i fjor.
Lønningane, saman med gode skiftordningar og høg staus gjer det lett å rekruttere.
- Det er ikkje noko problem å rekruttere folk inn i trålfiske no, seier Lerøy Havfisk-sjef Webjørn Barstad.
Fem-vekers turnus
Lerøy Havfisk (tidlegare Havfisk) har ti trålarar i drift, etter å ha fått overlevert eit nybygg frå Vard tidlegare i år. Selskapet har hovudkontor i Ålesund og omlag 25 prosent av dei tilsette på båtane bur i Møre og Romsdal.Alle trålarane har ei toskiftsordning, med fem veker på og fem veker fri som det vanlege.
Trålane har omlag 330 driftsdøgn i året, i følgje Barstad.
200 millionar i utbytte
Lerøy Havfisk er eit datterselskap av Lerøy Seafood Group, som kjøpte selskapet i 2016 og fekk ein økonomisk opptur i fiskeria med på kjøpet. Etter 2017 henta Lerøy-konsernet ut 400 millionar kroner i utbytte, etter 2018 500 millionar kroner. Etter 2019 er utbyttet 200 millionar kroner.Selskapet fiskar første og fremst torsk, sei, hyse og reke. Torsk sto for omlag halvparten av fangstinntektene i fjor.
Lerøy Seafood Group legg fram reknskapen for 1. halvår 2020 torsdag 20. august.
Publisert: 18.08.2020 17:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:01