Over 100 kroner kiloen
Rekordprisar for Salmon Evolution i første kvartal. Det likar investorane på børsen.
Det landbaserte oppdrettsselskapet Salmon Evolution fekk omlag 108 kroner kiloen for oppdrettslaksen selskapet slakta i 1. kvartal. Det fortel selskapet i ei oppdatering til marknaden.
I alt 901 tonn sløyd og hovudkappa laks, der 96 prosent var av toppkvalitet, vart sendt fra oppdrettselskapet og ut i marknaden i løpet av første kvartal. Det utgjer ei inntekt på knappe 100 millionar kroner.
Nyheita fekk Salmon Evolution-aksjen til å å skyte fart oppover frå start måndag. Ved 10.30-tida er kursen opp meir enn 7,7 prosent til 7,12 kroner.
Prishopp
I fjerde kvartal i fjor var gjennomsnittsprisen 76 kroner kiloen, ifølgje Salmon Evolution-sjef Trond Håkon Schaug-Pettersen.
Selskapet har aldri fått betre betalt for laksen sin, og 1. kvartal i år er også det første kvartalet med ein pris over 100 kroner kiloen.
Full kapasitet
I 2. kvartal reknar Salmon Evolution med å slakte laks som utgjer mellom 1600 og 1800 tonn sløyd og hovudkappa laks. Med ein slik produksjon er selskapet nær ved å nå produksjonskapasiteten i første byggetrinn av anlegget, 7900 tonn sløyd og hovudkappa laks i året.
- Med slaktevolum i 2. kvartal som er forventa å bli dobla i 2. kvartal er Salmon Evolution unikt posisjoner for å utnytte dagens rekordhøge lakseprisar, seier Schaug-Pettersen i børsmeldinga.
Salmon Evolution driv landbasert lakseoppdrett i Indre Harøy på Romsdalskysten. Halsebakk-familiens investeringsselskap Ronja Capital er største aksjonær og ei rekkje investorar på Nordvestlandet er også medeigarar i selskapet.
Avgjerda om å starte bygging av andre byggesteg av anlegget skal takast i løpet av andre kvartal i år, melde selskapet i kvartalsrapporten for 4. kvartal 2023.
Publisert: 08.04.2024 09:35
Sist oppdatert: 08.04.2024 15:11