Nytt
Over 200 har søkt jobb som jordbærplukkar
I år blir det også snakka norsk i jordbæråkrane i Valldal.
28.05.2020
Så langt har over 200 søkt jobb som jordbærplukkar etter bærdyrkarane i bygda la ut ei annonse på Finn.no.
I går var det medlemsmøte i bærdyrkarlaget og der fekk bøndene klarsignal for å kontakte søkjarane. No er det førstemann til mølla. Innan eit par veker har søkarane fått svar, ventar dagleg leiar Harald Valle i Valldal Grønt. Valldal Grønt er distribusjonsselskapet til bøndene.
- Eg trur det heilt klart kjem til å bli tilsett ein god del i år, seier Valle.
I ein normal sesong er det 350-360 sesongarbeidarar hos bøndene i Valldal, anslår Harald Valle i Valldal Grønt. 80-90 prosent av sesongarbeidarane kjem frå Polen, resten frå andre land.
No ser det ut som ein god del utlendingar vil kome, men kor mange er framleis usikkert, ifølgje Valle. Grunnen at ein del utlendingar tel på knappane er mellom anna at dei blir omfatta av karantenreglar både når dei kjem hit og når dei kjem heim.
Haustar bøndene gode erfaringar med norsk arbeidskraft i år har dei fått innpass i ein ny arbeidskraftmarknad, og då blir det rekruttert frå Noreg også neste år, meiner Valle.
I tillegg kan mange av dei norske søkjarane bu heime, eller kan ordne seg husrom sjølve. Det er ein fordel, fordi koronareglane gjer det meir krevjande å innkvartere plukkarar like tett som før. Det trengst meir plass, og folk som sjølve ordnar seg ein plass å bu reduserer plassbehovet.
Saman med kommunen og reiselivsbedriftene i Valldal blir det arbeidd med å utvikle tilbod til jordbærplukkarane der dei for ein rimeleg penge kan få opplevingar som gir gode minne og lyst til å kome attende neste år, fortel Valle.
Det er eit rekrutteringstiltak som er nytt i år og som er retta mot alle plukkarane, både utlendingar og norske.
I går var det medlemsmøte i bærdyrkarlaget og der fekk bøndene klarsignal for å kontakte søkjarane. No er det førstemann til mølla. Innan eit par veker har søkarane fått svar, ventar dagleg leiar Harald Valle i Valldal Grønt. Valldal Grønt er distribusjonsselskapet til bøndene.
- Eg trur det heilt klart kjem til å bli tilsett ein god del i år, seier Valle.
Koronatrøbbel
Bakgrunnen for annonsa er at bøndene frykta arbeidskraftmangel i årets sesong, på grunn av reiserestriksjonar og andre tiltak mot koronasmitte. Plukkesesongen starta om ein månads tid og bøndene har ikkje planar om å redusere produksjonen, men for å nå målet må dei ha nok folk til å plukke.I ein normal sesong er det 350-360 sesongarbeidarar hos bøndene i Valldal, anslår Harald Valle i Valldal Grønt. 80-90 prosent av sesongarbeidarane kjem frå Polen, resten frå andre land.
No ser det ut som ein god del utlendingar vil kome, men kor mange er framleis usikkert, ifølgje Valle. Grunnen at ein del utlendingar tel på knappane er mellom anna at dei blir omfatta av karantenreglar både når dei kjem hit og når dei kjem heim.
Vil ha norsk
Uansett kor mange utlendingar som vil kome kjem det til å bli tilsett søkjarar som bur i Noreg.Haustar bøndene gode erfaringar med norsk arbeidskraft i år har dei fått innpass i ein ny arbeidskraftmarknad, og då blir det rekruttert frå Noreg også neste år, meiner Valle.
I tillegg kan mange av dei norske søkjarane bu heime, eller kan ordne seg husrom sjølve. Det er ein fordel, fordi koronareglane gjer det meir krevjande å innkvartere plukkarar like tett som før. Det trengst meir plass, og folk som sjølve ordnar seg ein plass å bu reduserer plassbehovet.
Studentar
Unge folk, studentar og skuleelevar, dominerer på søkjarlista.Saman med kommunen og reiselivsbedriftene i Valldal blir det arbeidd med å utvikle tilbod til jordbærplukkarane der dei for ein rimeleg penge kan få opplevingar som gir gode minne og lyst til å kome attende neste år, fortel Valle.
Det er eit rekrutteringstiltak som er nytt i år og som er retta mot alle plukkarane, både utlendingar og norske.
Publisert: 28.05.2020 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57