Nytt
Over 220 mill. inn i datalagringsenter
Lefdal Mine Datacenter får over 220 millionar kroner inn på konto.
12.05.2020
Investeringsfondet "The Columbia Threadneedle European Sustainable Infrastructure Fund" og det tyske It-infrastrukturselskapet Rittal skyt til saman 20 millionar Euro - 222 millionar kroner etter dagens kurs - inn som ny eigenkapital inn i Lefdal Mine Datacenter.
I meldinga om kapitalutvidinga tidlegare denne månaden blei det ikkje opplyst kor stor emisjonen var, men summen går fram av protokollen til den ekstraordinære generalforsamlinga til selskapet 29. april i år.
Ved utløpet at 2018 hadde selskapet ein bokført eigenkapital på 69 millionar kroner og ei gjeld 189 millionar kroner.
Før kapitalutvidinga eigde aktørane i det miljøet, saman med Sogn og Fjordane Energi, to tredjepartar i Lefdal Mine Datacenter.
I samband med kapitalutvidinga har dei seld seg ut. Kjøpesummen er ikkje opplyst, og summen kjem heller ikkje fram av generalforsamlingsprotokollen.
Her er aksjonærane som har seld seg ut, med talet på aksjar dei hadde i parantes.
Norwegian Datasenter Group as (5.000.000)Brothers as (1.250.000)Coast Invest as (1.250.000)Bard Invest as (1.000.000)Sogn og Fjordane Energi as (1.000.000)LocalHost Holding as (500.000)
Norwegian Datasenter Group har desse eigarane:
Localhost Holding as, 73,6 %Sogn og Fjordane Energi as, 18,2 %Uroboros as, 4,5 %Jørn Skaane, 2,7 %Mats Gunnar Andersson, 0,9 %
Største aksjonær i Localhost Holding er Måløy Næringsutvikling, som er eigd 50/50 av Brothers as og Skibenes & Søn. Brothers er Gunnar Carlson og familie, Skibenes & Søn er eigd av Carlsons partnarar Svein og Kristian Skibenes. Dei fire grunnleggarane av Localhost, Sindre Kvalheim, Rune Mykletun, Vidar Furnes og Vidar Saltkjel, eig til saman omlag 50 prosent av selskapet.
I meldinga om kapitalutvidinga tidlegare denne månaden blei det ikkje opplyst kor stor emisjonen var, men summen går fram av protokollen til den ekstraordinære generalforsamlinga til selskapet 29. april i år.
Ved utløpet at 2018 hadde selskapet ein bokført eigenkapital på 69 millionar kroner og ei gjeld 189 millionar kroner.
Kjøper ut Måløy-miljøet
Ideen til utviklinga av datasenteret i den nedlagte olivingruva i Lefdal i Nordfjord er klekt ut og drive fram av investor- og teknologimiljøet i Måløy.Før kapitalutvidinga eigde aktørane i det miljøet, saman med Sogn og Fjordane Energi, to tredjepartar i Lefdal Mine Datacenter.
I samband med kapitalutvidinga har dei seld seg ut. Kjøpesummen er ikkje opplyst, og summen kjem heller ikkje fram av generalforsamlingsprotokollen.
Her er aksjonærane som har seld seg ut, med talet på aksjar dei hadde i parantes.
Norwegian Datasenter Group as (5.000.000)Brothers as (1.250.000)Coast Invest as (1.250.000)Bard Invest as (1.000.000)Sogn og Fjordane Energi as (1.000.000)LocalHost Holding as (500.000)
Norwegian Datasenter Group har desse eigarane:
Localhost Holding as, 73,6 %Sogn og Fjordane Energi as, 18,2 %Uroboros as, 4,5 %Jørn Skaane, 2,7 %Mats Gunnar Andersson, 0,9 %
Største aksjonær i Localhost Holding er Måløy Næringsutvikling, som er eigd 50/50 av Brothers as og Skibenes & Søn. Brothers er Gunnar Carlson og familie, Skibenes & Søn er eigd av Carlsons partnarar Svein og Kristian Skibenes. Dei fire grunnleggarane av Localhost, Sindre Kvalheim, Rune Mykletun, Vidar Furnes og Vidar Saltkjel, eig til saman omlag 50 prosent av selskapet.
Publisert: 12.05.2020 14:10
Sist oppdatert: 12.06.2022 13:58