Havila Pollux og Havila Polaris sjøsetting Tersan foto Havila Kystruten11
TOK TID: Alle fire Havila Kystruten var forseinka, og dei to siste kjem først i trafikk seinare i sommar.
Nytt

Over 75 prosent kursfall

Havila Kystruten verdsett til 91 millionar kroner.

20.06.2023

Då Havila Kystruten vart børsnotert i august 2021 var selskapet i ein kort periode verdsett til over 1,2 milliardar kroner. Etterpå har det gått nedover.

I dag er verdien 91 millionar kroner, etter eit kursfall på 75 prosent samanlikna med i går.

Årsaka er refinansieringa av selskapet for å fri det frå banda til sin statseigde russiske långivar, GTLK, og dermed slepp unna konsekvensen av at GTLK er råka av sanksjonene mot Russland etter Ukraina-krigen.

Opphavleg var målet å erstatte eitt lån med eit anna, men utfallet blei tilslutt ein kombinasjon avein emisjon på 65 millionar Euro og eit obligasjonslån på 325 millionar euro. Emisjonskursen er 1,10 kroner. I går var kursen 5,06 kroner.

I dag var sluttkursen for Havila Kystruten 1,23 kroner, slik at dei som vart med på emisjonen natt til i dag har ein liten potensiell gevinst på handa.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Statt Torsk 0,59 8,89 %
Nortel 31,80 6,71 %
Arctic Bioscience 9,78 2,95 %
Hav Group 9,72 1,46 %
Salmon Evolution 6,38 0,95 %
Golden Energy Offshore Services 1,10 0,18 %
Eqva (tidlegare Havyard Group) 3,00 0,00 %
Atlantic Sapphire 8,05 -0,62 %
Endúr 41,20 -0,96 %
Sparebanken Møre 75,00 -1,00 %
Norva 24* 26,60 -1,48 %
Hofseth Biocare 2,79 -2,79 %
Hexagon Purus 21,30 -2,96 %
Hexagon Composites 26,52 -3,98 %
Havila Shipping 11,60 -7,20 %
Havila Kystruten 1,23 -75,79 %
*Svenske kroner

Publisert: 20.06.2023 17:13

Sist oppdatert: 20.06.2023 17:13