Hexagon Composites har fått inn 907 millionar kroner i ny eigenkapital etter at selskapet gjekk ut i marknaden i går ettermiddag.
Kapitalutviding blei gjort i samband med at selskapet skal skille ut og børsnotere datterselskapet Hexagon Purus, som lagar drivstofftankar og -system for hydrogendrivne personbilar, lastebilar, bussar, tog og skip.
Hexagon Composites skal vere stor aksjonær i Hexagon Purus og pengane frå kapitalutvidinga skal brukast til å finansiere oppbygginga av Hexagon Purus.
Sjølv om hydrogensatsinga gjennom Hexagon Purus berre er ein mindre del av verksemda til Hexagon Composites er det forventningane til utviklinga i hydrogenmarknaden som har drive aksjekursen til rekordhøgder den siste tida.
Ved børsslutt i går kveld var Hexagon Composites verdsett til 9,2 milliardar kroner. Det er 39 prosent høgare enn ved starten av 2020 og 95 prosent høgare enn for eitt år sidan.
Kapitalutviding blei gjort i samband med at selskapet skal skille ut og børsnotere datterselskapet Hexagon Purus, som lagar drivstofftankar og -system for hydrogendrivne personbilar, lastebilar, bussar, tog og skip.
Meir enn venta
Planen var å hente inn 800 millionar kroner frå investorar i Noreg, men interessa for å bli med var så stor at selskapet enda med å hente inn 907 millionar kroner, . Det tilsvarer omlag 10 prosent av børsverdien av Hexagon Composites før kapitalutvidinga.Hexagon Composites skal vere stor aksjonær i Hexagon Purus og pengane frå kapitalutvidinga skal brukast til å finansiere oppbygginga av Hexagon Purus.
Flakk-familien storaksjonærar
Hexagon Composites har hovudkontor i Ålesund med Knut Flakk og familie som nest største aksjonær. Selskapet lagar drivstoff-tankar i kompositt, frå små gassgrillbehaldarar til store transportable gasstankar. Den største verksemda er å lage drivstofftankar og - system for bussar og lastebilar som gå på naturgass.Sjølv om hydrogensatsinga gjennom Hexagon Purus berre er ein mindre del av verksemda til Hexagon Composites er det forventningane til utviklinga i hydrogenmarknaden som har drive aksjekursen til rekordhøgder den siste tida.
Ved børsslutt i går kveld var Hexagon Composites verdsett til 9,2 milliardar kroner. Det er 39 prosent høgare enn ved starten av 2020 og 95 prosent høgare enn for eitt år sidan.
Publisert: 25.08.2020 07:45
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:01