Nytt
Over all forventning på Nordfjordeid
I fjor dobla kjøpesenteret Amfi Nordfjordeid arealet og fekk inn ti nye butikkar. Det dobla også salet.
23.12.2017
- Handelen har gått over all forventning, seier senterleiar Gro Gjerdevik på Amfi Nordfjord.
No rår ho over cirka 10.000 kvadratmeter butikkareal, fordelt på 25 butikkar. Utvidinga, som var ferdig i oktober 2016, gav plass til butikkar som blant andre Power (hushaldningselektronikk) og Dressmann (herrekonfesjon).
Så langt i år er det snakk om driftsinntekter på 330 millionar kroner, dobbelt så mykje som i fjor. Med i reknestykket er og Jysk-butikken, som er ein del av senteret sjølv om den held hus i eit nabobygg.
- Det har vore mykje handelslekkasje til dei plassane fordi vi har mangla ein del butikkar, sier Gjerdevik.
Vegg i vegg med Amfisenteret er eigedomsselskapet Moengården Vest - som og eig Amfisenterbygget - i ferd med å fullføre eit bygg som skal romme Biltema-kjeden. Når det opnar i februar neste år reknar Gjerdevik med at handelslekkasjen ut av Nordfjordeid blir enda mindre.
- Vi ser mange frå heile fjorden som er her no. Det har blitt ein treffplass, seir Gjerdevik.
Eid kommune har fått ei ny sjøside i løpet av få år.
Rema er nabo til Amfi-senteret, som altså snart får Biltema-butikk på andre sida. Framom Biltemabutikken er andre byggesteg i bustadprosjektet "Sagastad panaorama" lagt ut for sal. I januar 2018 startar bygginga av Sagastad-senteret, som skal trekkje turistar og andre til Nordfjordeid for å sjå verdas største vikingskip.
Aust for Nordfjordeid sentrum vonar det kommunale eigedomselskapet at det snart for seld eit større næringsområde, der det mellom anna er sett av plass til til såkalla storhandelsbedrifter, og like ved vurderer private investorar å bygge ut ei tomt for handel.
- Vi jobbar saman med gata, seier Gjerdevik.
Det stadfestar Leon Knapskog, grunnleggaren av Minibakeriet og ein av tre kokkar som i januar 2018 opnar ny restaurant i handlegata. Kjøpesenteret er aktive med for å halde liv i gata, i følgje Knapskog.
Moengården er eigd 50/50 av Moengården as og Coop.
Brødrene Bjørn og Ivar eit tilsaman 50,36 prosent i Moengården as, som har stått sentralt i handelsutviklinga på Nordfjordeid. Blant medeigarane er også tidlegare Stokkesjef Kjell Storeide.
Det var Moengården som dro i gang første byggetrinn av kjøpesenteret, før selskapet fekk Coop inn på eigarsida i det felleseigde selskapet Moengården Vest. Eigentleg var planen å ta ein pause etter kjøpesenterutvidinga, fortel Bjørn Moen.
- Vi hadde tenkt å konsolidere litt, men interessa var så stor at vi bestemte oss for å gjere noko, seier Moen. Han anslår at dei samla investeringane for Moengården Vest er cirka 200 millionar kroner.
No rår ho over cirka 10.000 kvadratmeter butikkareal, fordelt på 25 butikkar. Utvidinga, som var ferdig i oktober 2016, gav plass til butikkar som blant andre Power (hushaldningselektronikk) og Dressmann (herrekonfesjon).
Så langt i år er det snakk om driftsinntekter på 330 millionar kroner, dobbelt så mykje som i fjor. Med i reknestykket er og Jysk-butikken, som er ein del av senteret sjølv om den held hus i eit nabobygg.
Tetta handelslekkasje
No trekkjer Nordfjordeid til seg kundar som før reiste på handletur til Ørsta, Sogndal eller Førde.- Det har vore mykje handelslekkasje til dei plassane fordi vi har mangla ein del butikkar, sier Gjerdevik.
Vegg i vegg med Amfisenteret er eigedomsselskapet Moengården Vest - som og eig Amfisenterbygget - i ferd med å fullføre eit bygg som skal romme Biltema-kjeden. Når det opnar i februar neste år reknar Gjerdevik med at handelslekkasjen ut av Nordfjordeid blir enda mindre.
Heile Nordfjord
Handelsnæringa på Eid har ikkje berre tetta handelslekkasjen.- Vi ser mange frå heile fjorden som er her no. Det har blitt ein treffplass, seir Gjerdevik.
Eid kommune har fått ei ny sjøside i løpet av få år.
Rema er nabo til Amfi-senteret, som altså snart får Biltema-butikk på andre sida. Framom Biltemabutikken er andre byggesteg i bustadprosjektet "Sagastad panaorama" lagt ut for sal. I januar 2018 startar bygginga av Sagastad-senteret, som skal trekkje turistar og andre til Nordfjordeid for å sjå verdas største vikingskip.
Satsar på handel
Utbygginga av sjøsida på Nordfjordeid er en del av ei større satsing for kommunen og private interesser for å utvikle Nordfjordeid som eit handelssentrum.Aust for Nordfjordeid sentrum vonar det kommunale eigedomselskapet at det snart for seld eit større næringsområde, der det mellom anna er sett av plass til til såkalla storhandelsbedrifter, og like ved vurderer private investorar å bygge ut ei tomt for handel.
Samspel med handlegata
Dei store butikkane og kjøpesenteret på sjøsida har ikkje snudd ryggen til det gamle sentrum på Eid. Tvert i mot, bygga er opne mot det gamle sentrum, og frå parkeringsplassane er det berre ei par minutt å rusle til den tradisjonelle handlegata på Eid.- Vi jobbar saman med gata, seier Gjerdevik.
Det stadfestar Leon Knapskog, grunnleggaren av Minibakeriet og ein av tre kokkar som i januar 2018 opnar ny restaurant i handlegata. Kjøpesenteret er aktive med for å halde liv i gata, i følgje Knapskog.
200 millionar
Det er selskapet Moengården Vest som eig både Amfisenteret og bygget som skal huse Biltema-butikken.Moengården er eigd 50/50 av Moengården as og Coop.
Brødrene Bjørn og Ivar eit tilsaman 50,36 prosent i Moengården as, som har stått sentralt i handelsutviklinga på Nordfjordeid. Blant medeigarane er også tidlegare Stokkesjef Kjell Storeide.
Det var Moengården som dro i gang første byggetrinn av kjøpesenteret, før selskapet fekk Coop inn på eigarsida i det felleseigde selskapet Moengården Vest. Eigentleg var planen å ta ein pause etter kjøpesenterutvidinga, fortel Bjørn Moen.
- Vi hadde tenkt å konsolidere litt, men interessa var så stor at vi bestemte oss for å gjere noko, seier Moen. Han anslår at dei samla investeringane for Moengården Vest er cirka 200 millionar kroner.
Vi ser mange frå heile fjorden som er her no. Det har blitt ein treffplass
Publisert: 23.12.2017 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:16