Koronakrise og kraftige nedbremsingar i forbruket fører til at nye rekordar vert sette i energimarknaden.
No kan ein faktisk oppleve å få betalt for å kjøpe olje og straum.
Etter den dramatiske måndagen for amerikansk olje måndag, stuper også prisen på nordsjøolje vidare tysdag, og r tysdag ettermiddag under 20 dollar fatet, ein nedgang på over 20 prosent frå eit rekordlavt nivå dagen før.
Også straumprisen i Norge er no på rekordlave nivå. Sist veke var spotprisen på Nordvestlandet på 4,3 øre /kWh.
Kraftanalytikar Tor W. Havåg i Tussa Energi skriv i sin vekesrapport at det er meir vêret enn korona som er årsak til den lave norske spotprisen, og viser til dei hydrologiske forholda etter ein svært våt, men mild vinter.
På kontinentet har spotprisane også vore svake, men likevel høgare enn i Norge.
- Prisane på dagtid i dag er så låge at Noreg importerer kraft frå Nederland, trass i at prisane her heime ligg nede på 5-øre, skriv Havåg.
Han opplyser at tysdag er døgnprisen i Tyskland minus 18 øre.
- Situasjonen i Tyskland er at sol og vind, saman med grunnlast i kjernekraft og brunkol, gir meir kraft enn det økonomien kan sluke når det er 10 prosent reduksjon i forbruket, og ellers fine vårforhold og lite elektristetsforbruk, både til oppvarming eller aircondition.
- Import i staden for eksport fører til at det historiske kraftoverskotet i Norden blir større, skriv Havåg.
No fryktar han at kraftpengar vil forsvinne rett i havet.
- Alt tyder på at mykje smeltevatn denne sommaren vil gå på sjøen utan å verte til billeg kraft, fordi det ikkje er plass i magasina.
No kan ein faktisk oppleve å få betalt for å kjøpe olje og straum.
Etter den dramatiske måndagen for amerikansk olje måndag, stuper også prisen på nordsjøolje vidare tysdag, og r tysdag ettermiddag under 20 dollar fatet, ein nedgang på over 20 prosent frå eit rekordlavt nivå dagen før.
Også straumprisen i Norge er no på rekordlave nivå. Sist veke var spotprisen på Nordvestlandet på 4,3 øre /kWh.
Importerer straum
Trass denne svært lave prisen importerer no Norge straum frå Europa sidan prisen der er endå lavare.Kraftanalytikar Tor W. Havåg i Tussa Energi skriv i sin vekesrapport at det er meir vêret enn korona som er årsak til den lave norske spotprisen, og viser til dei hydrologiske forholda etter ein svært våt, men mild vinter.
På kontinentet har spotprisane også vore svake, men likevel høgare enn i Norge.
Minus 18 øre
Men denne veka snudde det med låge og til dels negative prisar sidan det var meir straum tilgjengeleg enn det var kjøparar.- Prisane på dagtid i dag er så låge at Noreg importerer kraft frå Nederland, trass i at prisane her heime ligg nede på 5-øre, skriv Havåg.
Han opplyser at tysdag er døgnprisen i Tyskland minus 18 øre.
- Situasjonen i Tyskland er at sol og vind, saman med grunnlast i kjernekraft og brunkol, gir meir kraft enn det økonomien kan sluke når det er 10 prosent reduksjon i forbruket, og ellers fine vårforhold og lite elektristetsforbruk, både til oppvarming eller aircondition.
Smeltevatnet rett i havet
Heile Norden flommar no over av billeg kraft.- Import i staden for eksport fører til at det historiske kraftoverskotet i Norden blir større, skriv Havåg.
No fryktar han at kraftpengar vil forsvinne rett i havet.
- Alt tyder på at mykje smeltevatn denne sommaren vil gå på sjøen utan å verte til billeg kraft, fordi det ikkje er plass i magasina.
Alt tyder på at mykje smeltevatn denne sommaren vil gå på sjøen utan å verte til billeg kraft
Publisert: 21.04.2020 15:28
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:56