Sunnmorsposten logo foto Karoline Prytz Berset
FÆRRE PAPIRLESARAR: Under ein prosent av abonnenentane til Sunnmørsposten held berre papiravisa. Foto: Karoline Prytz Berset
Nytt

Papir taper terreng i avisbransjen

Sunnmørsposten har under 200 abonnentar som berre held papiravisa.

11.03.2025

NPK-NTB/NETT NO: Halvårstatistikken frå Mediebedriftenes Landsforening (MBL) per 2.  halvår 2024 viser stadig nedgang i papiropplaget til avisene.

Av abonnentane til avisen i Nett No sitt dekningsområdet står dei som berre held papiravisa 1,8 prosent av det totale opplaget. Også dei som held både papirutgåve og nettutgåva blei det færre av.  Dei som berre abonnenere på dei digitale utgåven står til samanlikning for 56 prosent av totalopplaget. For eitt år sidan var andelen 50 prosent.

Sunnmørsposten hadde 253 abonnentar som berre held papiravisa for eitt år sidan, 195 no. Det er under ein prosent. 

Liten auke
Til saman hadde avisene på Nordvestlandet ein auke i opplaget på 0,1 prosent i andre halvår målt mot andre halvår 2023.

11 av 20 aviser hadde nedgang, med Vestnesavisa og Synste Møre som dei største taparane (sjå tabell)

Størst opplagsvekst hadde Fjordabladet på Nordfjordeid og Bygdebladet på Sjøholt. 

Meir digitalt
– Overgangen frå papir til digitalt går føre seg for fullt over heile landet, og avisene får brukarane med seg i ein marknad prega av stor konkurranse om folks tid og pengar, seier administrerande direktør Randi S. Øgrey i MBL.

70 prosent av det totale avisopplaget no er heildigitalt, medan 27 prosent abonnerer på både nett og papir. Det reine papiropplaget er på fattige 3 prosent.

Det blir rapportert opplag på til saman 252 avistitlar for andre halvår 2024, og det er fleire enn nokon gong, ifølgje MBL. Av desse kan 102 aviser gle seg over ein auke i opplaget, medan 141 går tilbake.

Endringa frå papiravis til berre nettavis går gjerne litt gradvis. I fjor kutta 20 aviser talet på utgivingar på papir, medan dei siste tre åra har 59 aviser endra frekvens.

For første gong er meir enn halvparten av abonnementa heildigitale, viser statistikken frå MBL.

Avisopplag på Nordvestlandet 
2. halvår 2024  
 OpplagEndring i prosent frå 2. halvår 2023
Sunnmørsposten280650,5 %
Romsdals Budstikke17707-0,2 %
Møre-Nytt52371,6 %
Vestlandsnytt46110,3 %
Vikebladet Vestposten4595-0,9 %
Nyss4153-0,5 %
Åndalsnes Avis3494-1,0 %
Møre2977-1,2 %
Bygdebladet23663,6 %
Haramsnytt1960-3,0 %
Synste Møre1872-5,9 %
Sulaposten1869-2,2 %
Øy-Blikk1290-0,7 %
VestnesAvisa1199-9,7 %
Storfjordnytt11890,3 %
Midsundingen10060,6 %
Fjordenes Tidende48230,9 %
Fjordingen3972-0,5 %
Fjordabladet33754,2 %
Firda Tidend31643,7 %
   
SUM

 

98924

 

0,1 %
   
Kjelde: MBL  

Publisert: 11.03.2025 15:54

Sist oppdatert: 11.03.2025 15:54