Dette går fram av for Polaris Media, som eig mediehusa Sunnmørsposten og Romsdals Budstikke med ei rekkje tilhøyrande lokalaviser i nordvest.
Totalt hadde Polaris 590 millionar kroner i driftsinntekter i 2. kvartal i år, mot 608 millionar i same kvartal i fjor.
Hittil i år er driftsinntektene på 957 millionar kroner, mot 978 millionar på same tid i fjor.
På den positive sida kjem at det er auke i både annonseinntekter og abonnementar digitalt. For heile konsernet har antal digitale abonnement auka med heile 42 prosent på eitt år.
Samla har konsernavisene no 413.263 abonnementar, derav 142.982 digitale.
Dei digitale annonseinntektene har samstundes auka med ti prosent til 66 millionar kroner i andre kvartal, men dette veg ikkje opp for ein nedgang på heile 13 prosent for papirbaserte annonseinntekter.
På halvårsbasis er annonsesalet på papir redusert frå 55,2 millionar kroner i fjor til 48,6 millionar kroner i år.
Digitale annonser aukar derimot, frå 9,0 millionar kroner i andre kvartal i fjor, til 10,4 millionar kroner i år.
Abonnementsinntektene var i andre kvartal på 46,4 millionar kroner, opp frå 44,0 millionar kroner i same kvartal i fjor.
Laussalet held seg stabilt på rundt 2,7 millionar kroner.
Stampen Media har hatt store utfordringar med inntektsutvikling og lønsemd dei siste åra, men konsernsjef Per Axel Koch i Polaris Media opplyser i kvartalsrapporten at ein no er godt i gang med å snu denne utviklinga.
Koch trur på positive resultatbidrag frå den svenske delen i 2020, og gler seg samstundes over at ein storstilt abonnementskampanje i Norge i sommar har hatt positiv effekt, og var betydeleg betre enn ei tilsvarande kampanje året før. Dette meiner Koch tyder på at Polaris sine mediehus har vorte meir digitalt modne.
Totalt hadde Polaris 590 millionar kroner i driftsinntekter i 2. kvartal i år, mot 608 millionar i same kvartal i fjor.
Hittil i år er driftsinntektene på 957 millionar kroner, mot 978 millionar på same tid i fjor.
Kraftig digital vekst
Driftsresultatet har derimot auka, frå 63 millionar kroner etter første halvår i fjor til 70 millionar hittil i år.På den positive sida kjem at det er auke i både annonseinntekter og abonnementar digitalt. For heile konsernet har antal digitale abonnement auka med heile 42 prosent på eitt år.
Samla har konsernavisene no 413.263 abonnementar, derav 142.982 digitale.
Dei digitale annonseinntektene har samstundes auka med ti prosent til 66 millionar kroner i andre kvartal, men dette veg ikkje opp for ein nedgang på heile 13 prosent for papirbaserte annonseinntekter.
Stort fall i papirannonser
For Polaris Media Nordvestlandet enda inntektene for papirannonser i andre kvartal på 25,6 millionar kroner, ned frå 29,4 millionar kroner i same kvartal i fjor.På halvårsbasis er annonsesalet på papir redusert frå 55,2 millionar kroner i fjor til 48,6 millionar kroner i år.
Digitale annonser aukar derimot, frå 9,0 millionar kroner i andre kvartal i fjor, til 10,4 millionar kroner i år.
Abonnementsinntektene var i andre kvartal på 46,4 millionar kroner, opp frå 44,0 millionar kroner i same kvartal i fjor.
Laussalet held seg stabilt på rundt 2,7 millionar kroner.
Svenske utfordringar
Polaris Media har no også vorte hovedaksjonær i det svenske mediehuset Stampen AB, som mellom anna eig Göteborgsposten.Stampen Media har hatt store utfordringar med inntektsutvikling og lønsemd dei siste åra, men konsernsjef Per Axel Koch i Polaris Media opplyser i kvartalsrapporten at ein no er godt i gang med å snu denne utviklinga.
Koch trur på positive resultatbidrag frå den svenske delen i 2020, og gler seg samstundes over at ein storstilt abonnementskampanje i Norge i sommar har hatt positiv effekt, og var betydeleg betre enn ei tilsvarande kampanje året før. Dette meiner Koch tyder på at Polaris sine mediehus har vorte meir digitalt modne.
Publisert: 09.03.2020 15:13
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:38