Pelagia tapte mot Nergaard
TAP: Pelagia-direktør Egil Magne Haugstad i Pelagia ville stoppe konkurrenten får å etablere seg i Vågsøy, men tapte fullstendig i tingretten
Nytt

Pelagia tapte mot Nergård

Pelagia fekk ikkje stoppa Nergårdkonsernet si utbygging av eit pelagisk anlegg i Måløy. Last ned dommen hos NETT NO.

30.06.2016
Pelagia gjekk til sak mot Nergård for å få stoppa bygging av eit fiskemjøl- og fiskoljefabrikk rett i nabolaget til Pelagia sitt eige anlegg på Trollebø i Vågsøy kommune.
Pelagia meinte tomta var seld med ein klausul som hindra etablering av eit fiskemjøl og fiskoljeanlegg, men fekk ikkje medhald i retten.
"Pelagia har tapt saken fullstendig", heiter det i dommen.
Du kan og laste ned heile dommen i lenke nederst i artikkelen.

Steile frontar

Partane sto steilt mot kvarandre då dei møttes i Fjordane Tingrett i august.
Pelagia meinte det var knytt ein konkurranseklausul til tomta, Nergård stikk motsett.
Retten konkludere med at det ikkje er bevist at det finnes ein slik klausul, mellom anna fordi det ikkje er eit underskrive dokument i samband med salet der klausulen er med.

Bygginga i full gang

Nergård-konsernet har allereie brukt nesten 200 millionar kroner på bygge det nye anlegget, i tidlegare Ulvesund Fôrmelfabrikk. Då dommen kom var arbeidet i full gang, og målet er å prøvekøyre anlegget i desember. Deler av den gamle fabrikken blir køyrt vekk, medan skinande nye deler blir montert opp.

Til saman vil Nergårdkonsernet bruke over 250 millionar kroner på fiskemjøl og fiskolje-fabrikk i Vågsøy. Storparten av beløpet har Nergård bunde seg til å betale. Kontrakten med fiskeindustri-utstyrsprodusenten Haarslev i Danmark vart underteikna og feira med champagne i november i fjor.
Danskane hadde aldri inngått ei større kontrakt, i følgje konsernsjef i Nergård, Tommy Torvanger si forklaring i retten.

Strid med gamle kjente

Pelagia er det største pelagiske fiskeindustriselskapet i Noreg, og er resultatet av ei rekkje oppkjøp og samanslåingar for å samle den pelagiske industrien på færre hender.
Mellom anna omfattar Pelagia tidlegare Welcon i Vågsøy, som blei stifta og drive av Arne Stang.
Etter at Stang hadde seld seg ut, men medan han framleis var tilsett i Welcon, kjøpte Stang og partnaren Bjarte Tunold den omstridde tomta. Etter at Stang var ute av Welcom gjekk han og Tunold inn som medeigarar i Nergård-konsernet. Nergård overtok i sin tur eigedomen, og bestemte seg for å bygge fiskemjøl og fiskeoljefabrikk der.



Publisert: 30.06.2016 15:29

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:46