Pelagisk koronagevinst
KORONA-EFFEKT: Færre restaurantbesøk under koronakrisa har gitt prisfall for torsk og laks i følgje sjømatanalytikar Finn-Arne Egeness i Nordea.
Nytt

Pelagisk koronagevinst

«Utvilsamt» vinnarane under koronakrisa, er konklusjonen til sjømatanalytikar på Nor-Fishing.

20.08.2020
Medan torskefiskarar og lakseoppdrettarar har fått ein smell under koronakrisa, har fisket etter sild, makrell og andre pelagiske fiskeslag fått ein opptur.
- Vinnarane under pandemien er utvilsamt pelagisk fiske, seier sjømatanalytikar Finn-Arne Egeness i Nordea under banken sitt årlege sjømatseminar på fiskerimessa Nor-Fishing.
I år er seminaret, som fiskerimessa ellers, flytta over på nettet.

Laga til på kjøkenet

Medan hotell- og restaurantmarknaden er viktig både for torsk og laks, er sild og makrell fisk som i all hovudsak blir laga til på kjøkenet heime.
Difor er pelagisk fisk ikkje råka av etterspørselssvikten som kom etter at folk gjekk mindre på restaurant på grunn etter at koronapandemien kom. (Ein pandemi er ein verdsomfattande epidemi). Tvert i mot har prisen gått opp, også takka vere auka pris på fiskeolje og fiskemjløl, som har auka verdien av restråstoff frå sild og markrell og verdien av pelagiske fiskeslag som blir fiska for å lage -mjøl og -olje.

Slutta å gå på restaurant

I starten av koronakrisa vart etterspørselsvikten i hotell- og restaurantmarknaden delvis oppvegd av ei svakare norsk kroner, men etterkvart var ikkje det nok til å hindre prisfall for torsk og laks.
Frå mars har prisen på torsk falle med 20 prosent i norske kroner og 25 prosent i euro, i følgje Egeness. Spotprisen på laks har falle frå gjennomsnittleg 77 kroner pr. kilo i januar i år til 47 kroner i august, i følgje laksebørsen Fishpool. Frå mars i år har prisane på laks vore lågare enn i same månad i fjor og Nordea trur på lav laksepris også i tredje kvartal, sa Egeness i innlegget sitt på seminaret.


Publisert: 20.08.2020 13:00

Sist oppdatert: 09.03.2021 09:47