(NPK-NTB): Prislappen kjem fram i ein ny rapport om kva staten kan vente seg i erstatningsutbetalingar.
Rapporten er bestilt av det regjeringsoppnemnte pelsdyrutvalet og er ein del av utgreiinga om framtida til pelsdyrnæringa som utvalet skal legge fram i midten av desember, skriv Nationen.
– Basert på verdiskapinga i pelsdyrnæringa, så viser våre utrekningar at full erstatning vil komme på 7,45 milliardar kroner. Ved ei avvikling vil oppdrettarane misse inntekta si for all framtid, og dei vil ha behov for kapital for å omstille seg til anna verksemd. Om vi reknar om dette til ein eingongssum, så kjem vi fram til dette beløpet, seier rådgjevar Ivar Hovland i Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (Nilf).
Bertran Trane Skadsem, leiar i Norges Pelsdyralslag, seier til avisa at tala verkar realistiske, medan Dyrevernalliansens juridiske rådgivar Live Kleveland kallar beløpet for absurd og urealistisk. (©NPK)
Rapporten er bestilt av det regjeringsoppnemnte pelsdyrutvalet og er ein del av utgreiinga om framtida til pelsdyrnæringa som utvalet skal legge fram i midten av desember, skriv Nationen.
650 kroner timen
Grunnlaget for utrekninga av erstatningsbeløpet er rekneskapstal for dei siste åra. Dei viser ei skyhøg forteneste for pelsdyroppdrettarane som i 2012 hadde ei timeløn på over 650 kroner.– Basert på verdiskapinga i pelsdyrnæringa, så viser våre utrekningar at full erstatning vil komme på 7,45 milliardar kroner. Ved ei avvikling vil oppdrettarane misse inntekta si for all framtid, og dei vil ha behov for kapital for å omstille seg til anna verksemd. Om vi reknar om dette til ein eingongssum, så kjem vi fram til dette beløpet, seier rådgjevar Ivar Hovland i Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (Nilf).
450 årsverk
I rapporten blir det anslått at pelsdyrnæringa i Noreg sysselset rundt 450 årsverk.Bertran Trane Skadsem, leiar i Norges Pelsdyralslag, seier til avisa at tala verkar realistiske, medan Dyrevernalliansens juridiske rådgivar Live Kleveland kallar beløpet for absurd og urealistisk. (©NPK)
Publisert: 25.11.2014 09:09
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:39