Pengemaskin i skulestova
GARANTI: Stempel med tiårs-garanti krev stor kundemasse. Dagleg leiar og medeigar Asbjørn Foldal i Foldal Stempel har 60.000 kundar i arkivet.
Nytt

Pengemaskin i skulestova

I den tidlegare skulestova i Follestaddalen i Ørsta driv Asbjørn Foldal ei lita pengemaskin.

21.05.2014
Foldal gjekk på gymnaset i Volda for "å bli til noko" som han seier, men enda med å ta over stemplefabrikken faren hadde starta. Det har han gjort god butikk ut av.
I dag er det sju tilsette i den nedlagde barneskulen. Faren, Petter Foldal hadde fiskeribedrifta Brødrene Aarsæther mellom sine første kundar. For Asbjørn er det offshorereiarlaga ved kysten som er mellom dei viktigast kundane i dag.

Bekymra sidan 90-talet

Treng du stempel til å stemple brev og dokument er Foldal og kollegaene rette folka.
- Så lenge det er papir så skal ting stemplast, seier Foldal.
I dag eig han bedrifta saman med kona og fire barn.
Foldal sjølv er forundra over at det har gått bra så lenge. Alt på 90-talet byrja han å bli bekymra for det papirlause samfunn, men hittil har ikkje bekymringa slått til.

Kva tredje krone i overskot

Faktisk har det gått glimrande. Dei siste fem åra har Foldal Stempel hatt eit samla overskot på 16,7 millionar kroner av driftsinntekter på 44 millionar. Det betyr at meir enn kvar tredje krone i inntekt har blitt att som overskot i bedrifta.
- I ei produksjonsbedrift må vi seie at det er bra, seier Foldal.
Mange år med god lønsemd har gjort bedrifta både solid og likvid. Den bokførte eigenkapitalen er på 8,3 millionar og verksemda har over 9 millionar kroner i banken.
Gjelda er på 3,1 millionar og av dette utgjer avsetning til utbytte ein million og avsetning til skatt 0,9 millionar kroner.

Svidd gummi

Det luktar svidd gummi inne i produksjonslokalet. Foldal Stempel kjøper delene frå underleverandørar, det er utforminga av tekstene på sjølve stempelputa som er verksemda sitt viktigaste bidrag til det ferdige stempelet.
Dei siste åra har Foldal Stempel fått eit nytt bein å stå på, dørskilt i akryl, jakkeskilt og kontorskilt med utskiftbar tekst. Skilta utgjer allereie over 35 prosent av driftsinntektene, og er minst like lønsame som stempla, i følgje Foldal.

Netthandel

Salet av skilt foregår nesten utelukkande frå verksemda si eiga nettside, og ein stadig større del av stempla blir også selde i nettbutikken.
- Det er ikkje nok å kunne produsere, det viktigaste er å kunne selje det du produserer, seier Foldal.


Så lenge det er papir så skal ting stemplast

Publisert: 21.05.2014 17:15

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:33