Pengemaskinen i Saferoad
PLUSS OG MINUS: Vik Ørsta-sjef Kjetil Nesset (t.v.) og konsernsjef Michael Hermansson i Saferoad. Vik Ørsta gjekk i pluss og overførte 49,5 millionar til konsernet etter 2014. 
Nytt

Pengemaskinen i Saferoad

Vik Ørsta er pengemaskinen i Saferoad-konsernet. Les kor mykje som er overført i konsernbidrag.

10.09.2015
Med overføringa etter 2014 på 49,5 millionar kroner er det overført 341 millionar kroner i konsernbidrag frå Vik Ørsta til Saferoad-konsernet sidan 2008. Konsernet lagar utstyr til vegsikring, frå autovernskinner og lysmaster til sikringsboltar og anna tunellsikringsutstyr.
I 2008 kom investeringfond under Nordic Capital i Sverige inn som største eigar. Fonda eig over 96 prosent av aksjane, personar i leiinga resten.
Vik-Ørsta, som har fabrikkar i Ørsta og Vik i Sogn, er det største dotterselskapet, og ein viktig bidragsytar inn i konsernet.

Pluss for Vik Ørsta

Vik-Ørsta leverte overskot også i 2014 (sjå tabell). Marknaden vart svakare enn venta, men så langt i 2015 ligg selskapet an til ein auke i driftsinntektene igjen i følgje årsrapporten.
Selskapet starta 2015 med å forhandle om fire-dagarsveke, men fekk fort fart i etterspørselen.

Minus for konsernet

For konsernet, Saferoad AB, er ikkje tala like fine. Nedskrivingar på 152 millionar svenske kroner i 2014 medverka til eit nytt underskot for konsernet (sjå tabell. Medan det gjekk bra i Nord-Europa merka selskapet tøffare tider i mellom og Sør-Europa, i følgje årsmeldinga for 2014.
Saferoad har dotterselskap i 21 land og rundt 2500 tilsette.

Auke salet

Då svenske Michael Hermansson tok over som Saferoad-sjef etter Jon Erik Engeset frå starten av 2014 sa han til NETT NO at det viktigaste for konsernet var å auke salet.
- Vi må vekse. Eg trur vi har slanka organisasjonen ganske kraftig. Vi har tatt ut kostnadar, og no må vi begynne å selje. The name of the game is sales, det er det som gjeld. Ein kan berre ta ut kostnadskutt ein gong, så er effekten borte. Deretter må ein selje meir, og vi kan berre selje meir om vi er konkurransedyktige, sa Hermansson.
Dessutan var det viktig at konsernet, som då besto av 109 dotterselskap, greidde å utvikle ein felles kultur der alle selskap drog saman.

Etter at Hermansson tok over vedtok Saferoad å investere rundt 23 millionar kroner i produksjonen i Vik Ørsta i 2014.

Publisert: 10.09.2015 16:20

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:46