Plan for Sulafjordkryssing ut paa anbod
KAN KRYSSAST: Resultat av målingar og berekningar så langt gjer at Statens Vegvevesen meiner Sulafjorden kan kryssast med bru.
Nytt

Plan for Sulafjordkryssing ut på anbod

Sulafjorden kan kryssast med bru, meiner Statens Vegvesen. Lyser forprosjekt for bruløysingar ut på anbod.

17.11.2020
- Per no er det ikkje noko no som tyder på at vi ikkje skal kunne krysse den vêrharde Sulafjorden på ein på ein trygg måte, seier Ove Nesje, prosjektdirektør i Statens vegvesen Utbygging, i ei pressemelding om utbygging av E39-sambandet gjennom Møre og Romsdal.
Kryssing av Sulafjorden mellom Hareidlandet og Sula ein ein del av den den planlagte traseen for E39 der det politiske målet er eit ferjefritt vegsamband frå Stavanger til Trondheim.
- Vi vil foreta val av brukonsept i løpet av 2023. Samstundes er det viktig at vi fortsett arbeidet med å få ned kostnadane både på Sulafjorden og Halsafjorden, seier Nesje i pressemeldinga.
Statens vegvesen leverte 15. oktober sitt innspel til kva vegprosjekt som bør bli prioritert i Nasjonal transportplan (NTP) 2022-2033.
Kryssing av Romsdalsfjorden står før Sulafjordkryssinga op prioriteringslista og Statens Vegvesen håpar at det fysiske arbeidet med å bygge ny E39-trasé mellom Ålesund og Molde kan starte i 2023, med mål om at vegen - med fjordkryssing - er ferdig bygd i 2029.
- Vi kan vere klare til å sette spaden i jorda allereie i 2023. Med denne framdriftsplanen kan heile E39 Ålesund-Molde stå ferdig i løpet av 2029 – forutsett prioritering i NTP og vidare planlegging i samarbeid med kommunane, seier Nesje i pressemeldinga.

Publisert: 17.11.2020 13:33

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:05