«Stikk innom!» er tenkt som eit tverrfarleg verdiskapingsprosjekt som knyter saman interesser innanfor folkehelse, arkitektur, kulturminne, opplevingar, frivillig innsats, utdanning, friluftsliv og reiseliv, seier leiar i kultur,- næring- og folkehelseutvalet i fylkeskommunen, Marit Nerås Krogsæter (Sp).
Formålet er å skape uformelle sosiale møteplassar i nærleiken av der folk bur, som ei hytte eller ein gapahuk, tilpassa den enkelte staden og behovet i det aktuelle området. Konseptet skal skape aktivitet og turmål, ha nytteverdi for innbyggjarane og natur- og kulturturisten, seier ho.
God interesse
Kulturavdelinga har gjennomført ei undersøking for å kartleggje interessa for prosjektet i kommunane. 17 av 26 kommunar har svart, og resultatet viser at det er interesse for dette i fylket. Her er ein del av funna frå undersøkinga:
* 94 prosent seier det er ei målsetjing for kommunen å leggje til rette for auka friluftsaktivitet gjennom bygging av fleire friluftsanlegg.
* 81 prosent synest det er ein god ide å knyte saman «Stikk innom!» og kulturarv som ein del av opplevingsverdien og lokalt friluftsliv.
* 66 prosent er positive til ein finansieringsmodell som kombinerer spelemidlar, midlar frå private aktørar og kommunale pengar.
* 81 prosent er interesserte i å vere med dersom det blir etablert som eit regionalt prosjekt.
* 50 prosent svarar at konseptet bør innehalde ulike bygningstypar, medan like mange synest det også er av interesser med eit standardisert hyttekonsept.
Konseptskisse
I første omgang er det snakk om å få på plass konseptskisse.
– Med ein plan- og konseptkonkurranse ynskjer vi å få ei visuell framstilling av korleis konseptet kan utformast, korleis det kan vere samanheng mellom dei ulike bygga i fylket. Konseptet vil leggje vekt på berekraft og miljø. Sentral her vil vere gjenbruk av eksisterande bygningsmasse, der det er mogleg, og med minst mogleg inngrep i naturen, seier Nerås Krogsæter.
Publisert: 25.03.2022 14:25
Sist oppdatert: 25.03.2022 14:29