Planen er aa redde bygda
UTVIDING: Her kjem det nye driftsbygget som skal henge saman med hovudbygget via ein underjordisk gang. Til høgre i bilde kjem fleire nye frittståande bygg i eit klyngetun. Alt skal etter planen stå klart til 2022-sesongen, fortel Mariann Øye (innfelt).
Nytt

– Planen er å redde bygda

Det er full fart i arbeidet med hotellutvidinga på Øye. Dei reknar med å ha minst tre gonger fleire tilsette når alt er klart for ei ny epoke.

Marius Rosbach
18.11.2020

Sjølv om Hotel Union Øye for tida er stengt, har hotelldirektøren nok å henge fingrane i. Rundt om på tomta er anleggsmaskinar og arbeidarar i full gong med ei utviding som vil bety ein ny tidsalder for det populære Ørsta-hotellet.

Planane inneber mellom anna ei utviding av kapasiteten frå 27 til 45 rom – der fleire er større suitar. Utvidinga betyr også ei omlegging til heilårsdrift – og med det vil dei trenge langt fleire tilsette enn i dag.

– I dag er vi sju faste tilsette, og vi reknar med at det vil kome opp i 25 til 30 personar etter kvart, fortel hotelldirektør Mariann Øye til NETT NO.

37 fastbuande – vil ha fleire
Hotelldirektøren reknar med å auke bemanninga komande sesong. Dei er allereie på jakt etter folk som kan vere interesserte i jobb framover.

nettnohalf

– Om vi finn talent som vi vil ha med oss, og som er villige til å flytte hit til Øye med oss - så tek vi dei gjerne mot. Vi synest dette er veldig gøy og har allereie fått dei første nye fastbuande til bygda, fortel ho.

Det er Knut Edvard Kjersem har vore kjøkkensjef ved hotellet tidlegare. No er han tilbake saman med kone og tre døtrer. Eit solid tilskot til folketalet i den vesle bygda.

– Planen er å redde bygda og få folk til å flytte hit. No er vi oppe i 37 fastbuande, seier Øye entusiastisk.

Satsar nærare 200 millionar
Det er eit godt stykke arbeid å gjere før dei kjem i mål. Men hotelleigarane i Flakk Gruppen har bestemt seg for å slå på stortromma med satsinga i Norangsfjorden.

nettnohalf

Til saman kan utvidinga kome på nærare 200 millionar kroner – om lag same sum Flakk nyleg investerte i Hotel Brosundet i Ålesund.

– Vi er heldigvis godt i rute so langt. Planen er at vi skal drive hotellet tre månader neste sommar frå 15. juni til 15. september. Då vil vi mellom anna ha tre store nye suitar klare i ei forlenging av hovudbygget, fortel hotelldirektøren.

Stor resultatoversikt 2019: Desse hotella driv smått – men godt

Flakk-hotella 2019: – Fint for oss at Sunnmøre har mykje bra å by på

Løde, klyngetun og spisesal i glas
I desse dagar er dei i gong med å støype såla til eit driftsbygg som skal reisast aust for hovudbygget.

Det lødeinspirerte bygget skal kunne nyttast til forsamlingar og konferanse, og er knytt til hovudbygget via ein underjordisk gang. Det skal gi effektiv logistikk og vareflyt. Også dette bygget takast i bruk frå neste sommar.

Når hotellet opnar for sesongen 2022 vil utvidinga vere komplett med nye frittsåande rom i eit klyngetun og ny glas-spisesal, i tillegg til at heile området vil ha fått ei solid oppgradering. Arkitektar i prosjektet er Enerhaugen Arkitektkontor.

Har auka romprisane
Allereie då Hotel Union Øye opna opp etter koronanedstenginga, kunne ein ane at hotellet i Norangsfjorden ville blir ein populær stad å reise til utover sommaren.

nettnohalf

NETT NO kunne fortelje at hotellet måtte stoppe for inntak av fleire gjestar allereie i opningshelga i april – og sidan gjekk det slag i slag.

– Eg trur mange tenkte at Øye er ein trygg plass med store areal. Samtidig har vi det litt enklare enn mange for å drive etter smittevernrestriksjonane. Å servere frukost ved borda krev litt ekstra av oss, men det er også meir eksklusivt, fortel hotelldirektøren.

Resultatet har vorte at dei har vore i stand til å ta meir betalt for kvar gjest – og romprisen har auka betydeleg.

Rekna med minus – får pluss
Per no viser prognosane til hotelldirektøren at dei vil ende opp med eitt plussresultat, i staden for millionunderskotet dei hadde budsjettert med grunna tidleg stenging og utviding.

Omsetninga ved utgangen av september var allereie på nær 15 millionar – ikkje langt unna ei ordinær årsomsetning dei siste åra.

Øye erkjenner at det er med blanda kjensler ho fortel om rekordsommaren, medan «store delar av bransjen ligg og blør».

– Samtidig er det veldig stas at nordmenn på tur har vore villige til å støtte oss som dei har gjort. Vi blei overraska over at det heile tida var dei dyraste romma som gjekk først, fortel ho.

Les også: Hotel Union Øye vil utvide

Øye-hotell med stor pågang eter gjenopning

Ny 62° Nord-sjef trur utlendingane kjem så fort dei kan

Stor resultatoversikt 2019: Desse hotella driv smått – men godt


Vi synest dette er veldig gøy og har allereie fått dei første nye fastbuande til bygda

Publisert: 18.11.2020 05:55

Sist oppdatert: 19.05.2022 17:13